Pressemelding fra HiT 12. september
Institutt for kultur- og humanistiske fag
Avdeling for allmenne fag
Pressemelding søndag, 12. september 2004
Orkan-utsette norske studentar på Cuba:
Alle vernetiltak sett i verk
Dei 28 norske studentane som dette semesteret studerer i Cienfuegos på sørkysten av Cuba, er saman med fire førelesarar evakuert til sikker stad i byen. Det er samarbeidspartnarane Høgskolen i Telemark (HiT) og Gateway College (GC) som har ansvaret for studietilbodet.
Tiltak og informasjonsarbeid i samband med den varsla orkanen blir utført av GC’s lokale koordinatorar med Trond Ola Tilseth i spissen, i samsvar med vernebuingsplan som er nøye gjennomgått av HiT og GC i førevegen.
Det er Gateway College som handterer det direkte informasjonsarbeidet i høve til pårørande og media, og Høgskolen i Telemark blir halde løpande orientert om situasjonen.
Alle tilgjengelege vernetiltak blir tatt i bruk for at studentar og medarbeidarar skal kome uskadde gjennom uvêret. Det er også tillitsvekkande tiltak som blir sett i verk av den cubanske samarbeidspartnaren Universidad de Cienfuegos, saman med andre lokale styresmakter.
Kontaktar:
- Instituttleiar Kristian Hanto, tlf 35 95 26 23 (dir. innval) / (mob.) 911 37 413
- Informasjonssjef PerM. Holtung, mobil: 91 86 00 38
- Rektor Dag Kjartan Bjerketvedt, mobil 97 56 80 98
- Høgskolen i Telemark nettsider
- Se også oppdaterte nettsider fra Gateway College
