Budsjettframlegg for 2005 med realvekst for Høgskolen i Telemark
Av regjeringa sitt budsjettframlegg for 2005 går det fram at fullfinansieringa av Kvalitetsreforma blir ført vidare og at den resultatbaserte undervisningsfinansieringa aukar, men universitets- og høgskolesektoren får òg eit kutt i basisløyvinga på grunn av inndraging av studieplassar. Forskinga får ikkje nytt løft, og auken i talet på rekrutteringsstillingar er halvert. Krava til kvalitet, relevans, effektivitet og medverknad til innovasjon og regional utvikling blir på nytt streka under, og resultatorienteringa held fram. Høgskolen i Telemark (HiT) får ein realvekst på nær 10 mill. kroner, men dette må sjåast i samanheng med reduksjonen på om lag 19 mill. kroner samla for 2003 og 2004. Enkelte høgskolar har i perioden 2003-2005, dvs. etter innføringa av nytt finansieringssystem, fått styrkt sine budsjett med frå 50 til 14 mill. kroner (Oslo, Agder, Bergen, Sør-Trøndelag og Stavanger). Det er høgskolane i dei store byane som er budsjettvinnarane.
Høgskoledirektør Nils Røttingen
Dette er hovudinntrykket eg sit att med etter å ha sett nærare på budsjettframlegget for 2005 for universitets- og høgskolesektoren.
Nedanfor oppsummerer eg kort kva som står om samfunnsoppdraget, utdanning, forsking og utvikling, internasjonalisering, evaluering, og resultatmål for statlege høgskolar. Eg omtalar òg framlegget til løyving til HiT, og peikar på tiltak som - slik eg ser det - er nødvendige for at HiT skal vekse og utvikle seg vidare.
Eg vil streke under at eg er særs godt nøgd med innsats og kreativitet hos personalet i ein økonomisk vanskeleg periode. Utviklinga er snudd. Høgskolen er på offensiven. Det er eg stolt over. Eg takkar alle for oppnådde resultat.
Eg vil òg streke under at det er høg studiepoengproduksjon som gir størst økonomisk utteljing slik finansieringssystemet i dag er innretta. For å realisere kostnadskrevjande strategiske satsingstiltak, jf. førebels framlegg til strategisk plan for perioden 2005-2009, må difor HiTs studiepoengproduksjon samla sett aukast ytterlegare dei næraste åra.
Samfunnsoppdraget
- I budsjettframlegget blir det peika på at samfunnsrolla til institusjonane har vorte stadig viktigare, og det blir signalisert at institusjonane må delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv gjennom utdanningssamarbeid, forskingssamarbeid, teknologioverføring og anna formidling.
- Institusjonane må etablere nye samarbeidskanalar og auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv med omsyn til innovasjon, forsking og studietilbod, inkludert etter- og vidareutdanning (EVU).
- Utdannings- og forskingsdepartementet (UFD) vil følgje forvaltninga av nye randsoneselskap nøye og vurdere fullmaktene til institusjonane dersom eigarinteressene til staten ikkje blir handterte tilfredsstillande.
- Institusjonane skal skilje mellom den løyvingsfinansierte og den eksternt finansierte delen av verksemda i sine rekneskap. Den oppdragsbaserte delen av verksemda skal dekkje alle relevante kostnader, slik at den årlege løyvinga fullt ut blir nytta til den ordinære verksemda ved institusjonane.
- Stortinget har slutta seg til ei målretta satsing på kompetanseutvikling av lærarar, instruktørar og skoleleiarar. Universitet og høgskolar skal medverke aktivt i denne prosessen, og må difor samarbeide med skoleeigar, fylkesmannen og Utdanningsdirektoratet. Det må etablerast samarbeid og nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt for å utvikle og gi relevante kompetansetilbod for reforma i grunnopplæringa og tilpassa behov i sektoren. Det må samarbeidast om både etter- og vidareutdanning, grunnutdanning, FoU, og formidling.
Utdanning
- Det blir foreslått ei auka løyving på 262 mill. kroner til sektoren (200 mill. kroner i 2004) som følgje av samla auke i talet på avlagde studiepoeng (6,8 % frå 2002 til 2003).
- UFD vil vurdere når det skal innførast utteljing for uteksaminerte kandidatar i finansieringssystemet.
- Framlegget inneheld ein nettoreduksjon på 4 000 studieplassar (78 mill. kroner) - 1 732 plassar (30,6 mill. kroner) ved statlege høgskolar.
- Dersom enkelte institusjonar over tid har uutnytta kapasitet, vil UFD vurdere omfordeling av ressursar mellom institusjonane.
- UFD foreslår å flytte 60 studieplassar i ingeniørutdanninga frå høgskolar med sviktande rekruttering (Gjøvik, Narvik og Sogn og Fjordane) til institusjonar med tilfredsstillande søkning (Bergen, Stavanger og Sør-Trøndelag). På sikt kan det bli aktuelt å vurdere sterkare institusjonell konsentrasjon av desse studia for nasjonalt å kunne møte søkninga best mogeleg og for å sikre god kvalitet på fagmiljøa.
- Det blir fastsett aktivitetskrav for dei fleste helsefagutdanningane. For realfag- og ingeniørutdanningane legg UFD til grunn at opptaksnivået blir halde på minst same nivå som tidlegare. For lærarutdanningane blir det ikkje stilt aktivitetskrav i 2005, men UFD vil følgje nøye med på rekrutteringa til desse utdanningane ved den enkelte institusjonen.
- Helse- og omsorgsdepartementet har i styringsdokumenta for 2004 gjort det klart at dei regionale helseføretaka skal leggje til rette praksis for eit bestemt tal helsefagstudentar i visse grunnutdanningar. Helse- og omsorgsdepartementet vil styrkje eigarstyringa på dette området i 2005.
- Dersom nye opptakskrav til allmennlærarutdanninga fører til svakare rekruttering, meiner UFD at ledig kapasitet kan nyttast til vidareutdanning av lærarar i sentrale skolefag i tråd med behov i grunnopplæringa i reformperioden. For institusjonar som på sikt ikkje klarar å rekruttere studentar til grunnutdanninga av lærarar på linje med tidlegare opptak, vil UFD vurdere å flytte studiekapasitet og budsjettmidlar til institusjonar med god rekruttering.
Forsking og utvikling
- Regjeringa foreslår inga styrking av den grunnleggjande forskinga. Det er heller ein liten realnedgang i løyvinga til forsking.
- Satsinga på tiltak for kommersialisering av forskingsresultat held fram, og det blir foreslått å etablere tre nye landsdekkjande såkornfond lokalisert i universitetsbyane Oslo, Bergen og Trondheim.
- Regjeringa foreslår å opprette 100 nye doktorgradsstillingar i 2005 (200 i 2004). 20 av desse stillingane går til dei statlege høgskolane.
- UFD vil prioritere ei ny satsing på 23 mill. kroner til eit yrkesretta FoU-program retta mot lærarutdanningsmiljøa. Programmet vil bli utforma slik at prosjekt som får støtte skal vere eit samarbeid med skoleeigar.
- I løpet av 2005 vil UFD starte gjennomgang av FoU-resultata ved høgskolane. Formålet er å undersøkje om satsinga på doktorgradsutdanning har vore vellukka.
- UFD strekar under at institusjonane må styrkje den faglege leiinga av forskings- og utviklingsarbeidet. Det er eit fagleg leiaransvar å følgje opp at tilsette oppfyller både undervisningsplikt og forskingsplikt.
- Ordninga med omfordeling av forskingsmidlar innanfor institusjonskategoriar vil i første omgang bli ført vidare. Den vidare utviklinga vil bli sett i samanheng med utviklinga av ein eventuell formidlingskomponent. Det er viktig at finansieringssystemet gir fornuftig stimulans for institusjonane til å arbeide mot å oppfylle det samfunnsoppdraget dei har.
- Om utviklinga av forskingskomponenten i finansieringssystemet heiter det at systemet truleg vil måtte bli relativt grovmaska. Det vil ikkje vere tale om ei presis premiering av den enkelte forskaren og tilhøyrande forskingsresultat. Institusjonane må ha interne fordelingsmodellar som fører insentiva vidare ned i institusjonen. Etter planen vil institusjonane våren 2005 rapportere data for 2004-publiseringar, som kan nyttast i 2006-budsjettet.
- Eventuell endring av institusjonskategori for enkelte institusjonar må handsamast på ein slik måte at det blir etablert rimelege vilkår for konkurranse i den resultatbaserte forskingskomponenten.
- I samband med ny forskingsmelding våren 2005 vil UFD også sjå på randsoneverksemd i forhold til indikatoren for eksternt finansiert verksemd.
Internasjonalisering
- Alle institusjonar skal tilby dei studentane som ønskjer det eit studieopphald i utlandet som del av eit gradsstudium.
- Statlege høgskolar må auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid.
- Det er eit mål at dei statlege høgskolane skal delta meir aktivt i samarbeidet rundt EUs rammeprogram for forsking.
- Det er òg eit mål at flest mogleg av dei norske institusjonane får tildelt ECTS (European Credit Transfer System) label og DS (Diploma Supplement) label. Institusjonane må prioritere dette arbeidet.
Evaluering
- Omleggingane innan høgre utdanning, m.a. verknadene av Kvalitetsreforma, skal evaluerast. Evalueringa skal vere ferdig innan utgangen av 2006. Tidsbruken skal inngå i denne evalueringa.
- NOKUT har fått i oppdrag av UFD å evaluere allmennlærarutdanninga i tråd med framlegget i St.meld. nr. 30 (2003-2004) Kultur for læring.
- Kvalitetssikringsarbeidet skal vere ein kontinuerleg prosess som UFD vil følgje nøye med på.
- Ordninga med tilleggspoeng for fordjuping i realfag i vidaregåande opplæring og ordninga med forkurs til ingeniørutdanninga skal evaluerast.
Resultatmål for statlege høgskolar
- Det er fastsett 10 delmål for dei statlege høgskolane i 2005 (gjennomføre Kvalitetsreforma, auke talet på lærarar/lærarstudentar som utdannar seg i sentrale skolefag, styrkje samarbeidet mellom profesjonsutdanningane og yrkesfeltet, auke samarbeidet med samfunns- og næringsliv (innovasjon, FoU og studietilbod, inkl. EVU), styrkje FoU-verksemda og ta på seg oppgåver for regional utvikling, følgje opp fagevalueringar med konkrete tiltak, leggje vekt på rekruttering og kompetanseheving av det faglege personalet særleg av kvinner, leggje til rette for at høgskolelærarar kan gjennomføre masterstudium og auke talet på førstelektorar, auke aktivitetsnivået når det gjeld student- og forskarutveksling og anna internasjonalt samarbeid, og utnytte studiekapasiteten høgskolen har fått løyving til).
Framlegg til løyving til Høgskolen i Telemark
- På kap. 274, utgiftspost 50, er det foreslått ei løyving på 396,257 mill. kroner til HiT til ordinær drift i 2005.
- HiT har dermed fått ein reell budsjettauke på 9,871 mill. kroner (+ 12,676 mill. kroner under studiekomponenten, + 0,187 mill. kroner under forskingskomponenten, - 2,729 mill. kroner som følgje av inndraging av studieplassar, og - 0,263 mill. kroner som vidareføring av innsparing frå saldert 2004-budsjett). Det er då korrigert for løns- og prisvekst og tekniske justeringar. Budsjettauken skuldast i all hovudsak betre studiepoengproduksjon i 2003.
- HiT får 565 000 kroner til rekrutteringsstillingar (heilårsverknad av ei stilling tildelt i 2004 og halvårsverknad av ei stilling tildelt i 2005).
- HiT får ein reduksjon på 88 uspesifiserte studieplassar i 2005.
Vidareføring av tiltak
Sjølv om HiT får ein realvekst på nær 10 mill. kroner i 2005, og slik sett er ein av budsjettvinnarane denne gongen, har høgskolen likevel hatt ein budsjettsvikt på om lag 9 mill. kroner samla sett for åra 2003, 2004 og 2005. Dette betyr at igangsette uviklings- og omstillingstiltak må førast vidare. Etter mitt syn er desse mellom dei viktigaste:
- Framleis utnytte potensialet i det nye finansieringssystemet gjennom å
* betre studentrekrutteringa,
* styrkje kvaliteten i utdanningane og dermed auke gjennomstrøyminga,
* hindre fråfall mellom studentane og overgangar til andre institusjonar,
* justere studieprogrammet ut frå ein kost-/nytteanalyse,
* bruke studieplassane dynamisk (overopptak og omfordeling),
* auke ekstern inntening og samhandling med samfunns- og næringsliv,
* føre FoU-verksemda vidare der ho er sterk og styrkje ho der det er grunnlag for dette. - Utvikle og omstille gjennom å
* prioritere strengare og nytte arbeidsplanordninga etter intensjonen,
* brukarorientere og effektivisere dei administrative tenestene best mogeleg,
* auke kompetansen og målrette personalrekrutteringa,
* nytte IKT-infrastrukturen betre (m.a. elektroniske klasserom),
* gjere fleire studium tilgjengeleg for nye grupper (nettbasere og desentralisere).
Som nemnt ovanfor, er vi i siget framover. Eg er trygg på at vi skal lukkast i det vidare arbeidet. Men vi har sterke motkrefter. Så langt har det nye finansieringssystemet hatt ein sentraliseringseffekt. Mindre institusjonar i distrikta har tapt i konkurransen med institusjonane i dei store byane.
