Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap

AF / Kultur og humaniora / Emnesider / Fagrupper / Historie / Kontinuasjonseksamen

Kontinuasjonseksamen, ekstraordinær prøve m.m.

3501 Oversyn over verdshistoria før 1750

Ekstraordinær prøve

Studentar som ved sensur ikkje består undervegsevalueringa, kan likevel gjennomføre eksamen same semester gjennom ei ekstraordinær delprøve, svarande til undervegsprøva, i slutten av semesteret (like før eller etter ordinær sluttprøve). Heile pensum ligg til grunn for den ekstraordinære prøva. Delprøve og sluttprøve vert sensurerte saman, og ein må bestå begge prøvene (ikkje-bestått i ei prøve tyder òg ikkje-bestått i den andre). Ekstraordinær delprøve er berre open for studentar som ved sensur ikkje bestod undervegsevalueringa eller hadde gyldig forfall. Den kan ikkje nyttast av studentar som trekte seg frå undervegsprøva eller leverte blankt. Den kan heller ikkje nyttast for å forbetre karakteren i ei bestått undervegsevaluering.

Kontinuasjonseksamen

Kontinuasjonseksamen i vårsemesteret vert halden for studentar som hadde gyldig forfall eller ikkje bestod eksamen siste haustsemesteret. Det er eit vilkår for kontinuasjon i vårsemesteret at studenten i haustsemesteret oppfylte alle obligatoriske arbeidskrav.

    Kontinuasjonseksamen i sluttprøva vert halden som ein skoleeksamen på 4 timar, lik sluttprøva i haustsemesteret.

    Kontinuasjonseksamen for studentar som førre semesteret korkje bestod deleksamen/undervegsevaluering eller sluttprøve, vert halden som ein samla skoleeksamen på 6 timar (svarande til både delprøve og sluttprøve). Heile pensum kan prøvast. Oppgåva skal omfatte både ei essay-oppgåve og mindre spørsmål.

    I haustsemesteret må kontinuantar (studentar frå eit tidlegare studieår) gjennomføre det ordinære eksamensløpet med undervegsprøve og sluttprøve. Kontinuantane må også oppfylle eventuelle obligatoriske arbeidskrav, til liks med dei andre studentane, sjølv om dei har levert tilsvarande oppgåver tidlegare.

    Det siste gjeld likevel ikkje studentar som har ei bestått undervegsevaluering frå tidlegare. Desse studentane treng berre gå opp i sluttprøva. Dei er også fritekne frå obligatoriske arbeidskrav dersom dei har oppfylt tilsvarande krav tidlegare.

    Alle studentar som ønskjer det, t.d. for å forbetre karakteren, kan gå opp til fullstendig eksamen (undervegsprøve og sluttprøve) i haustsemesteret. Dei må da gjennomføre det ordinære eksamensløpet og oppfylle alle aktuelle krav til obligatoriske innleveringar. Ein kan ikkje for å forbetre karakteren gå opp i berre undervegsprøva.

 

3502 Oversyn over verdshistoria etter 1750

Same kontinuasjonsordning som i 3501, sjå ovanfor.

 

3503 Valemne i verdshistorie (10 studiepoeng)

Kontinuasjonseksamen i vårsemesteret (også i haustsemesteret for studentar frå eit tidlegare studieår) vert halden som skoleeksamen (6 timar).

    Det er eit vilkår for å nytte denne kontinuasjonsforma at studenten i det opphavlege studiesemesteret skreiv/leverte alle obligatoriske arbeidsoppgåver, medrekna heimeoppgåva (eksamensoppgåva).

    Kontinuantar som ikkje fyller desse vilkåra, skal gjennomføre det ordinære eksamensløpet i haustsemesteret. Dei må da leggje opp emne som står på undervisningsprogrammet det aktuelle semesteret, og levere oppgåver på vanleg måte.

 

3504 Oversyn over norsk historie før 1800 (10 studiepoeng)

Kontinuasjonseksamen i haustsemesteret/vårsemesteret vert avvikla på same måte som ordinær eksamen.

    Det er eit vilkår for kontinuasjon at dei som kontinuerer oppfyller eventuelle obligatoriske arbeidskrav, sjølv om dei har levert tilsvarande oppgåver tidlegare.

 

3505 Oversyn over norsk historie etter 1800 (10 studiepoeng)

Same kontinuasjonsordning som i 3504, sjå ovanfor.

 

3506 Fordjupingsemne i norsk historie (10 studiepoeng)

I haustsemesteret er kontinuasjonseksamen skoleeksamen (6 timar). Kontinuasjonseksamen i vårsemesteret (for studentar frå tidlegare studieår) er òg normalt skoleeksamen (6 timar), halden i april.

    Det er eit vilkår for å nytte denne kontinuasjonsforma at studenten i det opphavlege studiesemesteret skreiv/leverte alle obligatoriske arbeidsoppgåver, medrekna heimeoppgåva i arbeidsperioden (med mogeleg fritak for den sistnemnde oppgåva, etter søknad, dersom det låg føre gyldig forfall).

    Kontinuantar som ikkje fyller desse vilkåra, skal gjennomføre det ordinære eksamensløpet i vårsemesteret. (Desse studentane kan ikkje kontinuere i haustsemesteret.) Dei må da leggje opp emne som står på undervisningsprogrammet det aktuelle semesteret, og levere oppgåver på vanleg måte. Dei må òg rette seg etter eventuelle påbod om obligatorisk undervisning og/eller begrensa emneval for studentar som ikkje følgjer undervisning.

Generell merknad

1. Eksamensforskrifta for HiT fastset (§ 6, pkt. 3 og 6): "Ekstraordinær sluttprøve arrangeres for kandidater som ikke besto ordinær prøve i et emne, dersom minst 5 av de som strøk ved forrige prøve krever det." ... "Dersom det arrangeres utsatt/ekstraordinær sluttprøve, har også studenter som ønsker å forbedre karakteren, adgang til prøven." Merk at alle prøvene i 3501-3506, utanom undervegsprøvene i 3501 og 3502, er å oppfatte som sluttprøver. I historie er det ofte blitt halde kontinuasjonseksamen enda om minimumstalet (5) ikkje var oppfylt.

2. Dersom det er spesifisert særskilde vilkår for å gå opp til kontinuasjonseksamen, gjeld desse vilkåra òg for studentar som vil forbetre karakteren.

3. Merk at ekstraordinær undervegsprøve i 3501 og 3502 berre er open for studentar som ikkje bestod ordinær prøve. Studentar som vil forbetre karakteren, kan gå opp til eventuell kontinuasjonseksamen i vårsemesteret, eller nytte ordinær eksamen i haustsemesteret.

 

3507: EKSTRAORDINÆR PRØVE OG KONTINUASJONSEKSAMEN

Studentar som ved sensur ikkje består undervegsprøva i metode/teori/oversyn (emne 1-2), kan likevel gjennomføre eksamen same semester gjennom ei ekstraordinær delprøve, svarande til undervegsprøva, i slutten av semesteret (like før eller etter ordinær sluttprøve/heimeoppgåve). Delprøve og sluttprøve/heimeoppgåve vert sensurerte saman, og ein må bestå begge prøvene (ikkje-bestått i ei prøve tyder òg ikkje-bestått i den andre).

    Ekstraordinær delprøve er berre open for studentar som ved sensur ikkje bestod undervegsprøva eller hadde gyldig forfall. Den kan ikkje nyttast av studentar som trekte seg frå undervegsprøva eller leverte blankt. Den kan heller ikkje nyttast for å forbetre karakteren i ei bestått undervegsevaluering.

    Kontinuasjonseksamen i vårsemesteret vert  halden for studentar som hadde gyldig forfall eller ikkje bestod eksamen siste haustsemesteret. Det er eit vilkår for kontinuasjon i vårsemesteret at studenten i haustsemesteret oppfylte alle obligatoriske arbeidskrav, og også leverte heimeoppgåva (med mindre det låg føre gyldig forfall).

    Kontinuasjonseksamen i undervegsprøva (metode/teori/oversyn) vert halden i byrjinga av mai som ein skoleeksamen på 4 timar, lik undervegsprøva i haustsemesteret.

    Kontinuasjonseksamen i sluttprøva (dei to emnestudia) vert halden som ein skoleeksamen på 8 timar (utan munnleg prøve) i byrjinga av juni. Studentar som har ei bestått undervegsprøve frå eit tidlegare semester, treng berre gå opp til sluttprøva.

    I haustsemesteret må kontinuantar (studentar frå eit tidlegare studieår) ta undervegsprøva saman med dei ordinære studentane og på same vilkår som dei. Dei tek sluttprøva som ein skoleeksamen på 8 timar (utan munnleg prøve). Dei skal leggje opp dei same emnestudia som i det opphavlege semesteret.

    Kontinuanter som ikkje består undervegsprøva, kan nytte ordninga med ekstraordinær prøve (sjå ovanfor) på same vilkår som dei ordinære studentane.

    Det er eit vilkår for å nytte kontinuasjonsforma nemnd ovanfor at studenten i det opphavlege studieåret oppfylte alle obligatoriske arbeidskrav, og også leverte heimeoppgåva (med mindre det låg føre gyldig forfall). Desse kontinuantane vert då fritekne frå nye obligatoriske arbeidskrav.

    Studentar som ikkje fyller vilkåra for å kontinuere etter denne ordninga, skal gjennomføre heile det ordinære studie- og eksamensløpet i haustsemesteret. Dei må leggje opp emne som står på undervisningsprogrammet det aktuelle semesteret, og levere oppgåver på vanleg måte.

Generell merknad

1. Eksamensforskrifta for HiT fastset (§ 6, pkt. 3 og 6): "Ekstraordinær sluttprøve [= kontinuasjonseksamen i emnestudia] arrangeres for kandidater som ikke besto ordinær prøve i et emne, dersom minst 5 av de som strøk ved forrige prøve krever det... "  Dersom det arrangeres utsatt/ekstraordinær sluttprøve, har også studenter som ønsker å forbedre karakteren, adgang til prøven.  I historie er det ofte blitt halde kontinuasjonseksamen enda om minimumstalet (5) ikkje var oppfylt.

2. Dersom det er spesifisert særskilde vilkår for å gå opp til kontinuasjonseksamen, gjeld desse vilkåra òg for studentar som vil forbetre karakteren.

3. I 3507 Nordisk historie er òg (ordinær) kontinuasjonseksamen i undervegsprøva (emne 1-2) open for studentar som vil forbetre karakteren utan å ta ny sluttprøve. (Merk at dette ikkje gjeld ekstraordinær undervegsprøve i slutten av semesteret, som berre er open for studentar som skal kvalifisere seg for sluttprøva.)