Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

AF / For studenter / Studieguide / Studieguide / Lokale Nøkkelkort

Opningstider Lokale Nøkkelkort

Opningstider

I semesteret er bygget ope til desse tidene:

måndag - fredag

kl 07.30 - 21.00

laurdag

kl 10.00 - 17.00

Lokale

Hovuddelen av undervisninga skjer i høgskolens lokale. I tillegg disponerer høgskolen lokale i Gullbring kulturanlegg. Høgskolebygget inneheld kantine, auditorium, seminarrom, grupperom, bibliotek, lesesalar og spesialrom av ulike slag. Bygget har tre høgder og er delt inn i seks fløyer. Kvart rom er merkt med eit firesifra nummer. Sifferet før bindestrek viser kva for ei av dei seks fløyene rommet ligg i, første siffer etter bindestreken viser til etasje.

Ekspedisjon og informasjon ligg ved hovudinngangen. Fagpersonalet og avdelingsadministrasjonen har kontora sine i fløy 1 og 2.

På ulike stader i bygget er det bokskap som studentane fritt kan bruke, skapa må tømast før sommarferien. I underetasjen har studentar tilgang til eit trimrom med tilhøyrande garderobar.

Studentsamskipnaden (SiTel) held til i Liabygget, fem minuttars gange frå høgskolebygget.

Nøkkelkort

Studentkortet kan nyttast som nøkkelkort. For utlevering av PIN kode, ta kontakt med ekspedisjonen. Nøkkelkortet er gyldig frå 15. september til 25. juni og gjeld for tilgang til IT-labar i fløy II. Nøkkelkort gir tilgang til bygget fram til kl 23.30 alle dagar.

Gullbring kulturanlegg

I Gullbring kulturanlegg blir Storsalen, Kinosalen, Galleri Stadskleiv, Oppåstugo og Kåvån nytta til forelesingar. Idrettshallen og symjehallen blir nytta til idrettsaktivitetar på idrettstudiet, og til aktivitetar i regi av studentidrettslaget HiT IL.

Kro- og velferdslokale

Desse ligg i Napastaa-kvartalet ca. 1 km. frå Bø sentrum mot Gvarv. I tillegg til stort kro- og konsertlokale, er det intimpub og kontor for studentrådet og dei ulike studentlaga. Studentrådet har også kontor i 2. etasjen i teorifløya i høgskolebygget.

Idrettsanlegg

Høgskolen har eit moderne idrettsanlegg som blei opna i 2003. Anlegget inneheld fotballbane, løpebane og friidrettsfasilitetar med kunststoffdekke, sandvolleybanar og asfaltert ballbane til handball, tennis og basket. Den asfalterte ballbanen har flomlys og blir islagt om vinteren.