Engelskprofessor i Ibsen-komite
Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske oppnemnde fredag professor Øyvind Gulliksen som medlem av komiteen til Den internasjonale Ibsen-prisen.
Prisen vert delt ut for første gang i august 2008 under Ibsen-festivalen på Nasjonalteateret i Oslo.
Prisen skal honorere ein person, institusjon eller organisasjon som har gjort ein ekstraordinær innsats i ånda til Ibsen.
Liv Ullmann er leiar for komiteen, og blant dei sju medlemene er også teatersjef Eirik Stubø og den danske skodespelaren Ghita Nørby.
Øyvind Gulliksen har vore leiar for utgreiingsgruppa for Ibsenstudier i Skien. Gruppa fullførte arbeidet i februar 2007, og tilrådde å opprette eit senter for Ibsenstudier i Skien, med undervisningstart 2008 eller 2009.
Gulliksen underviser til dagleg ved engelskstudiet i Bø, men er for tida gjesteprofessor i Iowa i USA.
