Julekortkonkurranse
Studentar og tilsette ved Høgskolen i Telemark inviterast til å illustrere årets julekort. Julekortet skal nyttast ovanfor høgskolens kontaktar i innland og utland. Det beste forslaget premierast med eit honorar på 3000 kroner.
Deltakarane står fritt til å velje motiv og fargebruk, men illustrasjonen bør ha tilknyting til jula. Forslaget kan sendast digital eller i papirformat.
Du vel sjølv om du vil bruke tusj, maling, fargestiftar eller anna. Kortet skal passe inn i høgskolens konvoluttar og bør være i breddeformat. Det nøyaktige målet på kortet er 21cm (bredde) x 10 cm høgde. Du kan også ta utgangspunkt i eit A4 ark, så tilpassar trykkeriet kortet i etterkant.
I 2001 vant formgivning-student Toril Ringsjø julekort-konkurransen med eit motiv av høgskolens logo i juleversjon. Hennes julekort har blitt brukt i fleire år. No er det dags for forandring.
Det beste forslaget kårast av ein samansatt jury og belønnast med eit honorar på 3000 kroner. Vinnaren må godta at illustrasjonen kan nyttast fritt av høgskolen.
Siste frist for innsending av forslag er måndag 30. oktober kl. 12.00.
Forslaget sendast:
Høgskolen i Telemark
v/Fellesadministrasjonen
Postboks 203
3901 Porsgrunn
merk konvolutten ”julekort”
eller: anita.dale@hit.no
For spørsmål kontakt ingvild.g.sildnes@hit.no, tlf. 35 57 50 34
