Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

EFL / Nyheter / Utstilling av studentarbeider

Studentarbeider i foajegalleriet

Dokke
Dokke

Fram til 4. mars har studentar fra Kunst og håndverk 1 og 2 saman med Bachelor - førskolelærerutdanning, samlingsbasert, utstilling i foajegalleriet på Notodden

Studentane starta heile prosjektet med besøk av kunstnar og figurmakar, John Mihle. Han synte dei ein teknikk for å laga stangdokker som skal tola å bli brukt. Difor er alle dokkene kasjerte med gassbind og trelim (etter å ha blitt forma i modelleire). Antrekk er sydde av gamle klede frå loppemarknad.

Kunst og håndverk 1 hadde utgangspunkt i kunstbilete og laga eit dramastykke som avslutning på perioden, medan Kunst og håndverk 2 fekk utdelt ei barnebok ("Hvorfor de kongelige ikke går med krone på hodet"), som dei laga scenografi og dokker til.

Nokre studentar har i ettertid jobba med same type teknikk for å laga dokker saman med Heddal ungdomsskule. Desse dokkene var ein del av "UNG 2006", som var eit prosjekt/musikal ungdomsskulen nett har avslutta.

Utstillinga varer ikkje lenger enn til 4. mars. Så skund deg!

Les meir om studia:
Kunst og håndverk 1
Kunst og håndverk 2
Bachelor - førskolelærerutdanning, samlingsbasert