Masterstudiet i kulturstudiar
Det 2-årige masterstudiet i kulturstudiar er eit tverrfagleg studium som var eineståande i sitt slag i heile Norden da det vart oppretta i 1999.
Det er aktuelt for søkjar med bakgrunn både i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag og ulike tverrfaglege kulturstudium.
To valretningar:
Masterstudiet i kulturstudiar er delt i to valretningar. I søknaden må studentane gjere merksam på kva valretning dei ønskjer.
Valretning kulturanalyse
Valretninga i kulturanalyse tek sikte på å gi studentane ein brei og allmenn kulturkompetanse og evne til å analysere aktuelle og samansette kulturspørsmål. Studentane skriv ei kulturanalytisk hovudoppgåve (60 sp), og vel minst eit av følgjande fordjupingsemne:
- natur og kultur
- barndom og modernitet
- tale, skrift, bilde, lyd (medieemne)
- migrasjon og fleirkulturalitet
Valretning kulturadministrasjon
Valretninga i kulturadministrasjon vil kvalifisere meir direkte for leiarstillingar i kultursektoren. Studentane må skrive ei hovudoppgåve med relevans for kultursektoren (45 sp), og dei må ta kurset i Kulturøkonomi/marknadsføring.
Desse studentane må velje minst eit av følgjande fordjupingsemne:
- Kultur og leiing
- Internasjonal kulturpolitikk og kunstformidling
Vi gjer merksam på at to til tre av fordjupingsmena blir sett opp kvart vårsemester, avhengig av talet på studentar og dei ressursane som til ei kvar tid finns på instituttet.
Vi viser ellers til fullstendig studieplan i studiehandboka.
Personale:
|
Stilling og fagfelt |
3595+ |
klikk for å sende E-post |
|
|
Sture Kvarv |
fagkoordinator |
2796 |
|
|
Ingmar Meland |
førstelektor |
2641 |
|
|
Ole Martin Høystad |
professor (permisjon) |
||
|
Ellen Schrumpf |
professor (permisjon) |
2628 |
|
|
Per Mangset |
professor |
2649 |
|
|
Anne Lorentzen |
stipendiat i kultur og media |
3638 |
|
|
Gunn Opdahl |
stipendiat i kulturpolitikk |
2653 |
|
|
Sigrid Røyseng |
|||
|
Åsne Dahl Haugsevje |
stipendiat i tverrfaglege kulturstudiar |
2765 |
Lærarane har kontor i 3. etasje, fløy 2 (kultur/humaniora)
Kven svarar på kva?
Treng du studierettleiing er det best å vende seg til instituttkonsulent Birgit Norendal, tlf. 35 95 26 13 (kontor 2-333, e-post Birgit.Norendal@hit.no). Ho er også den du bør snakke med dersom du lurer på om masterstudiet i kulturstudiar i Bø er noko for deg, om du vil ha tilsendt informasjonsmateriell o.s.v.
