Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

AF / Kultur og humaniora / Studietilbud / Årsstudium i historie

Deltid i Porsgrunn

Norsk historie 30 studiepoeng over 2 semester studieåret 2005/2006

Institutt for kultur- og humanistiske fag ved Høgskolen i Telemark tilbyr HISTORIE ÅRSSTUDIUM (GRUNNFAG) som deltidsstudium over fire semester i Porsgrunn. Studiet starta haustsemesteret 2004, og det vil etter planen bli gjennomført vårsemesteret 2006.

 

I studieåret 2004H–2005V vart det gjeve undervisning i verdshistorie, og i studieåret 2005H–2006V vil det bli undervist i norsk historie. Undervisninga foregår i lokala til høgskolen på Kjølnes, til vanleg med 3 timar onsdagar frå kl. 17.30. Første gang onsdag 31. august.

 

Undervisninga følgjer den ordinære studieplanen frå heiltidsstudiet i Bø, med visse modifikasjonar.

 

Heile studieprogrammet omfattar 6 delar, kvar på 10 studiepoeng:

 

3501 Oversyn  over verdhistoria før 1750 (2004H)

 

3502 Oversyn over verdhistoria etter 1750 (2005V)

 

3503 Valemne i verdshistorie (2004H og 2005V)

 

3504 Oversyn over norsk historie før 1800 (2005H)

 

3505 Overyn over norsk historie etter 1800 (2006V)

 

3506 Fordjupningsemne i norsk historie (2005H 0g 2006V)

 

Dessutan utgjer temaer innanfor teori, metode og didaktikk eit eige pensum, som i eksamenssamanheng kan kome inn i samband med dei andre studiedelane. Vidare er eit formidlingsaspekt integrert i heile studiet.

 

 

H au s t s e m e s t e r e t  2 0 05

 

3504 Oversyn over norsk historie før 1800

 

Omfang: 10 studiepoeng.

 

Undervisningsform: Forelesing.

 

Studiedelen skal gje eit samanhengande over­syn over norsk historie i tidsromet frå dei eldste tider til ca. 1800. Undervisninga i fordjupingsemnet (sjå nedanfor) vil bli delvis integrert i oversynsundervisninga.

 

Eksamen

Skoleeksamen 6 timar i slutten av semesteret.

 

 

3506 Fordjupingsemne i norsk historie

 

Omfang: 10 studiepoeng

 

Studiedelen skal gje meir omfattande kunnskapar i to fordjupingsemne, eitt frå tida før 1800 og eitt frå tida etter 1800. Kvart emne har eit pensum på 300–350 sider. Emna skal leggje til rette for ei djupare og meir problematiserande forståing av historia enn det ein vanligvis får i oversynspensumet.

 

I haustsemesteret vil det bli undervist i eitt emne (emnet før 1800). Undervisninga i Porsgrunn vil bli delvis integrert i oversynsundervisningen. Om emnet etter 1800, sjå nedanfor.

 

Eksamen

Eksamen vil bli avvikla i vårsemesteret, sjå nedanfor.

 

 

V å r s e m e s t e r e t  2 0 0 6

 

3506 Fordjupingsemne i norsk historie

 

Generelt om studiedelen, sjå ovanfor.

 

I vårsemesteret vil det bli undervist i eitt emne (emnet etter 1800). Undervisninga i Porsgrunn vil bli delvis integrert i oversynsundervisningen (som pågår heile semesteret; sjå nedanfor).

 

Eksamen

Eksamen i "3503 Fordjupingsemne i norsk historie" vil bli halden som ein skoleeksamen (6 timar) for begge emna (emnet før 1800 og emnet etter 1800). Eksamen vil venteleg bli avvikla i april. Til eksamen kan det gjevast oppgåve(r) frå eitt eller begge emna.

 

3501 Oversyn over norsk historie etter 1800

 

Omfang: 10 studiepoeng.

 

Undervisning: Forelesning.

 

Studiedelen skal gje eit samanhengande over­syn over norsk historie frå ca. 1800 og fram til idag. Emneundervisninga (sjå ovanfor) vil bli delvis integrert i oversynsundervisninga.

 

Eksamen

Skoleeksamen 6 timar i slutten av semesteret.

                                                                        *

 

Heile studieplanen for årsstudiet/grunnfaget finst på nettsidene til høgskolen. Der er også studiedelane i norsk historie (3504, 3505 og 3506), som det vil bli undervist i studieåret 2005–06, grundigare framstilt. Merk at det i deltidsopplegget for Porsgrunn-studentene er det gjort visse modifikasjonar i planen. Det gjeld særleg bruk av skoleeksamen i staden for andre evalueringsformer.

                                                                        *

 

Vi minner også om det som står generelt i studieplanen om historiestudiet (merk særleg opplysninga om behovet for lesekunnskapar i engelsk):

 

         Årsstudium i historie (historie grunnfag) utgjer eit studieprogram på 60 studiepoeng. I tillegg til årsstudium i historie har høg­sko­len eit halvårig påbyggjingsstudium i histo­rie (mellomfagstillegg) på 30 studie­poeng. Sjå nærare om dette i eigen omtale.

 

         Fagkombinasjonar, nivå og kompetanse. Årsstudium i historie er eit grunnstudium som kan kombinerast med andre studium ved høg­skolar og/eller universitet i ein bachelor­grad. I ein overgangsfase kan det framleis byggjast inn i ein cand.mag.-grad. Ein kan òg nytte studiet som eit fjerde år i ei allmenn­lærarutdanning. Etter eldre ordning er studiet godkjent som tilleggsutdanning for lærarar med lærarprøve i høve til reglane om lønns­opprykk og adjunkt­kompetanse.

               Dei to studia, årsstudiet (grunnfag) og påbyg­gjingsstudiet (mellomfagstillegg), gjev til saman 90 studiepoeng, som er kravet til fagleg fordju­ping i ein bachelorgrad. Denne kombina­sjonen oppfyller òg kravet til den spesifikke historie­delen i ein bachelorgrad for dei som ønskjer å gå vidare til eit master­studium i histo­rie ved eit av universiteta.

               Ein kan likeeins nytte ein bachelorgrad med fagleg fordjuping i historie som grunn­lag for hovudfaget i kulturstudiar ved Høg­skolen i Telemark.

 

         Historie i yrkeslivet. Historiestudiet vil for mange inngå i ein bache­lorgrad (jfr. ovanfor). Studium i historie gjev da etter nærare reglar, m.a. om praktisk-pedagogisk utdanning eller innpassing i fireå­rig allmenn­lærarutdanning, kompetanse for undervisning i skoleverket. Historiefaget høver òg godt innan­for ei medieutdanning, t.d. saman med journa­listutdanning eller anna medieutdanning. Saman med andre fag (t.d. samfunnsfag, kulturfag, språkfag eller økono­miske fag) kan historiefaget gje arbeid innan­for offentleg og privat administrasjon. Går ein vidare i historiestudiet til mastergrad (tidlegare hovudfag), har ein ei sjølvstendig historieutdan­ning på høgt nivå som kan høve for undervis­ning,  arbeid i museum, arkiv o.l., og i andre samanhengar. Forskarutdan­ning i historie byg­gjer på mastergrad.

 

         Opptaksgrunnlag. Historiestudiet føreset generell studiekompe­tan­se bygd på eksamen frå vidaregåande skole, allmennfagleg studieretning, eller tilsvarande kunnskapar dokumentert på annan måte, i sam­svar med opptaksreglementet. Ein del litteratur som skal lesast er ikkje omsett til nordiske språk, og det er derfor viktig med gode lese­kunnskapar i engelsk.