Kapittel 2 Utdanning og læringsmiljø
HiT skal tilby høgare utdanning som er basert på det fremste innan forsking, fagleg og kunstnarleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap. Utdanninga skal femne om grunnutdanning, vidareutdanning, etterutdanning og doktorgradsutdanning. Det internasjonale perspektivet skal vere ein integrert del av utdanningane.
2.1 Overordna målsetjingar
Utdanningstilboda skal ha høg kvalitet, vere attraktive og imøtekome etterspurnaden etter kompetanse i samfunnet. Høgskolen skal ha fokus på læring og endring i eit stimulerande læringsmiljø.
2.2 Mål
2.2.1 Studietilbod og studiegjennomføring
- HiT skal få rett til å tildele doktorgrad på nærare definerte område innanfor
- Gass- og energisystem
- Kulturfag
- Miljø og genetisk mangfald
- Førebyggjande helsearbeid
Tidspunkta for når dette skal setjast i verk, må vurderast ut frå framdrifta i planarbeidet og kostnadene ved drifta av tilboda.
-
HiT skal byggje opp nye studietilbod på mastergradsnivå i slik prioritert rekkefølgje:
Fase 1:- Det humanistiske området (språkdidaktikk) Det helse- og sosialfaglege område
- Det pedagogiske området
- Det økonomisk-administrative området (opplevingsøkonomi)
Tidspunkta for når dette skal setjast i verk, må vurderast ut frå framdrifta i planarbeidet og kostnadene ved drifta av tilboda.
- Studietilboda til høgskolen skal vere tilpassa etterspurnaden i samfunnet og høgskolen sin økonomi.
2.2.2 Dimensjonering og resultat
Høgskolen skal nå desse måla:
- Talet på studentar (heiltidsekvivalentar finansierte over grunnløyvinga) skal auke frå om lag 4 500 til om lag 4 700. Auken skal særleg kome innanfor helse- og sosialfaga og innanfor idretts-, kroppsøvings- og friluftslivsfaga.
- Den gjennomsnittlege produksjonen av studiepoeng pr student skal auke med 5 %, og minst liggje på gjennomsnittet for statlege høgskolar. Det skal vere auke på alle fagområde, men særleg der produksjonen er svakast i utgangspunktet.
- Kandidatproduksjonen skal auke i takt med auken i produksjonen av studiepoeng pr student og talet på heiltidsekvivalentar.
- Talet på kurstimar i eksternt finansiert etterutdanning skal auke med minst 25 %.
2.2.3 Studiekvalitet og læringsmiljø
- Studiekvaliteten og det totale læringsmiljøet skal bli stadig betre målt ved dei indikatorane som inngår i høgskolens kvalitetssikringssystem, og systemet skal utviklast for å løyse denne oppgåva.
- Samarbeidet mellom profesjonsutdanningane og yrkesfeltet skal styrkjast.
2.3 Strategiar
2.3.1 Studietilbod og studiegjennomføring
- HiT skal tilby femårig lærarutdanning med integrert praktisk-pedagogisk utdanning i samarbeid mellom Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning og Avdeling for allmennvitskaplege fag.
- Høvet til å ta mastergrad for lærarar skal bli utvida i samarbeid mellom Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning og Avdeling for allmennvitskaplege fag, og marknadsførast betre.
- Talet på lærarar/lærarstudentar som utdannar seg i matematikk, norsk og engelsk skal auke.
- På det teknologiske området skal studentsøkninga aukast ved at studia blir ytterlegare tilpassa etterspurnaden i marknaden. Ordninga med opptak frå yrkesfagleg studieretning (Y-veien) skal vidareførast.
- I natur- og miljøvernfaga skal utviklinga følgjast nøye for å sjå i kva grad dei endringane som er gjennomførde i innhald og studieprogram, gjev den ønskte veksten i studentsøkning.
- Innanfor IT-faga skal studentsøkninga aukast ved at studia blir gjennomgåtte og tilpassa til etterspurnaden i marknaden gjennom tiltak som endringar i studieprogrammet, integrering i andre studium, desentralisering og nettbasering.
- Det økonomisk-administrative området i Bø skal framstå som eit klarare fagleg tyngdepunkt med auka vekt på FoU-verksemd og samhandling med regionalt samfunns- og næringsliv. Høgskolen skal vurdere grunnlaget for ytterlegare satsing i Grenland. Innanfor det økonomisk-administrative området skal reiselivsfag (opplevingsøkonomi) vere eit særleg satsingsfelt.
- Høgskolen skal framleis tilby nokre studium som på ein særleg måte er med på å profilere høgskolen i nasjonal samanheng. Liksom for andre studium skal høgskolen jamleg vurdere oppfylling av studieplassar, gjennomstrøyming, kandidatproduksjon, kostnadseffektivitet og innpassing i høgskolens fagprofil elles.
- Leiingsfag skal integrerast i høgskolens studieprogram i sterkare grad, og avdelingane bør samarbeide for å få dette til.
2.3.2 Finansiering og ressursfordeling
- HiT skal samhandle med eksterne samarbeidspartnarar med sikte på å skipe eit universitets-/kompetansefond i Telemark for å kunne realisere universitetsambisjonane.
- Kvart år skal HiT setje av strategiske satsingsmidlar til planlegging av master- og doktorgradsstudium.
- HiT skal utvikle eit system for kostnadsrekning av kvart einskilt studieprogram, og slike berekningar skal liggje føre kvart år når studieprogrammet blir fastsett.
- HiT skal fastsetje krav til søkning, økonomisk berekraft og behov, og studium som ikkje fyller slike krav etter ein kost/nytteanalyse, skal leggjast ned.
- Med grunnlag i studenttilgang og kostnader skal HiT vurdere om dei eksisterande mastergradsstudia skal førast vidare. Målet for talet på slike studium vert sett til rundt 10.
2.3.3 Studiekvalitet og læringsmiljø
- HiT skal utvikle kvalitetssikringssystemet vidare i samarbeid mellom leiinga på alle nivå, dei tilsette og studentane, og integrerast i den faste verksemda.
- Arbeidet med å setje prinsippa bak kvalitetsreforma ut i livet skal halde fram.
- Undervisningspersonalet sin pedagogiske kompetanse skal bli betre, m.a. gjennom obligatoriske kurs i høgskolepedagogikk, kollegarettleiing m.v.
- Pedagogikkmiljøet ved Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning skal styrkjast for å medverke fagleg til å auke den pedagogiske kompetansen og utvikle læringsmiljøet ved høgskolen.
- Det skal arbeidast ut konkrete opplegg for å utvikle relevant praksisopplæring og yrkesretta FoU knytt til kvar profesjonsutdanning.
- Organiseringa og kvalitetssikringa av samhandlinga mellom profesjonsutdanningane og yrkesfeltet skal betrast.
- Dei studieadministrative tenestene skal betrast, m.a. gjennom tiltak for å utvikle kompetansen innanfor studierettleiing, sakshandsaming, kvalitetssikringsarbeid og fag- og studieplanarbeid.
- Samarbeidet med SiTel for å vidareutvikle eit godt læringsmiljø skal intensiverast.
- Høgskolen skal leggje til rette for betre samhandling med studentorgana, og lage ein plan for å utvikle studentdemokratiet.
2.3.4 Undervisningsorganisering
- Fleire utdanningar, også etter- og vidareutdanningar, skal bli nettbaserte.
- Høgskolens infrastruktur for IKT skal utviklast vidare og utnyttast betre gjennom å utvikle nye IKT-baserte lærings- og arbeidsformer og å auke den pedagogisk kompetansen på dette området.
2.3.5 Rekrutteringstiltak
- Høgskolen skal arbeide ut nye strategiar for rekrutteringsarbeidet basert på auka kunnskap om studentrekruttering.
