Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging - se knapper til venstre for søkefeltet)
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Fellesadministrasjonen / Designkonkurranse 2005

Designkonkurranse hausten 2005

Internasjonalt utval ved HiT har vedteke å skipe ein konkurranse hausten 2005, for å få fram ei ny bedriftsgåve for HiT. Konkurransen er open for studentar og tilsette ved HiT. Førstepremien er på 15.000 kroner. Fristen for innlevering av bidrag er 15.12.2005.

Internasjonalt utval er oppteken av å profilere høgskolen i inn- og utland. Mellom anna sakna utvalget gode profileringsartiklar, særleg artiklar som kan fungere som gåver til gjester som vitjar HiT, eller som representantar for høgskolen kan ha med når dei vitjar samarbeidspartnarar i utlandet. Utvalet har difor vedteke å skipea ein konkurranse for tilsette og studentar ved høgskolen om å utforme ei ny bedriftsgåve, som skal vere karakteristisk for heile høgskolen.

Utvalet er oppteken av å få fram eit produkt som skiljer seg fra dei meir tradisjonelle artiklane som ofte blir nytta til slike gåver. Det vil vere eit ekstra poeng at gåva er utforma av høgskolens eigne studentar eller tilsette. Utvalet håpar at ein pengepreme på kr. 15.000 til det beste bidraget skal inspirere mange til å bli med i konkurransen. Slik vil utvalet óg medverke til å auke samkjensla mellom tilsette, studentar og høgskolen som institusjon.

Bidraga vil bli vurderte av ein intern jury leia av førstelektor Frode Nyvold (EFL), og med instituttleiar Bodil Akselvoll (EFL) og førstelektor Helge Kaasin (AF) som dei andre medlemmane. Alle bidraga vil bli lagde fram for juryen i anonymisert form, slik at namna på dei som har sendt inn bidrag først blir kjende når reultata av konkurransen blir offentleggjorde.

Frist for å levere bidrag er 15.12.2005 kl. 1200. Bidrag skal leverast til prosjektleiar for internasjonalisering Trine Ellefsen, Fellesadministrasjonen, Høgskolen i Telemark, Porsgrunn. Sjå elles retninglinene for konkurransen og påmeldingsskjema i ramma til høgre på denne sida.

Merk:

Fleire har spurt om ein må levere ein prototyp eller om det kan leverast inn modellar/teikningar (sjå retningslinene for konkurransen). Spørsmålet har vært diskutert med leiaren i juryen, Vi er komne til følgjande: Det kan leverast modellar, teikningar e.l. av produktet så lenge det bidraget som blir levert gir ein god omtale av produktet med omsyn til materiale, utforming og bruksområde. Forslag til realiserbar produksjon må følgje bidraget.