Masterstudium i Tradisjonskunst (120 stp)
Masterstudiet er eit toårig studium. Du kan velge om du vil arbeide med folkemusikk eller folkekunst. Studiet har ein klart utøvande profil, der målet er at studenten skal bli god utøvar innan folkekunst eller folkemusikk, samtidig som ein skal få innsikt i tradisjonskunsten sine vilkår slik dei kjem til uttrykk gjennom tradisjonell folkekunst og folkemusikk. Studenten skal kritisk reflektere over korleis tradisjonskunst blir tatt vare på, brukt, vidareført og fornya og tolka i ulike miljø og samanhengar.
Opptakskrav
Opptakskrav er bachelorgrad i folkekunst eller folkemusikk eller anna treårig studieløp med min. 80 studiepoeng i folkekunst eller folkemusikk.
Fagleg innhald
Studiet er delt inn i to delar, innføringsemnet og hovudfagsoppgåve m.forprosjekt. Det fyrste året arbeider ein med innføringsemnet samtidig som ein arbeider med forprosjektet som skal klargjere tema for hovudoppgåva. Det andre året er sett av til arbeidet med hovudoppgåve. Tre tema står sentralt i hovudoppgåva. Desse er dokumentasjon, bruk / utøving og formidling.
Innføringsemnet er det felles teoretiske grunnlaget for studiet og sentralt her står omgrepa tradering og identitet og kunst- og kulturteori.
Hovudoppgåva er eit sjølvstendig arbeide, under oppfylgjing av rettleiarar. Oppgåva skal innehalde ein utøvande og formidlande del og ei skriftleg framstilling.
Kvalifikasjonar/sluttkompetanse
Studiet kvalifiserer for forskings- og utviklingsarbeid og kan gje grunnlag for opptak til dr. gradsstudier. Kompetansen kan brukast innan ulike felt, t.d. innan kultursektoren, i media, innan kunst- og kulturinstitusjonar eller som utøvar innan folkemusikk og folkekunst / handverk.
