IT-teneste og bruk av høgskolens datautstyr
Høgskolen har godt utbygd datanett og er knytt til internett via UNINETT’s høgkapasitet linjenett som gir svært gode høve til informasjonsutveksling med andre høgskolar, universitet, forskingsinstitusjonar og andre rundt om i verda.
Studiestad Bø har over 160 IT-arbeidsplassar tilgjengeleg for studentane. Studentar som reknar med å bruke mykje tid ved datamaskina, vil vere best tente med å ha tilgang til ei maskin også utanfor høgskolen. For dei som bur på studentsamskipnadens (SiTel) hyblar, er det mogleg å kople eigen pc til internett via SiTel’s lokalnett som er knytt opp mot høgskolens nett. Det gir tilgang til vanlege internettenester som E-post og Web. Også ein del private hyblar har tilsvarande tilbod. For dei som har berbare PCar, er det mogeleg å nå tilsvarande internettenester via det trådlause nettet i høgskolebygget.
Alle studentar må søkje om brukarkonto på eige skjema for å få tilgang til høgskolens datasystem med tilhøyrande tenester. Ved tildeling av brukarkonto må studenten stadfeste at han/ho vil følgje dei retningsliner som gjeld for bruk av datanettet. Reglar for bruk av høgskolens datautstyr er lagt ut på høgskolen sine web-sider.
IT-tenesta har ei rettleiarteneste utanom ordinær arbeidstid. Det vil såleis alltid vere ein IT-ansvarleg til stades når IT-avdelinga er open, og som studentane kan kontakte dersom dei har problem med bruk av dataverktøy o.l.
