Arena høgskole
Arena høgskole er ein nettbasert teneste som gir deg innsyn i alle data som høgskolen har registrert om deg – mellom anna adresse, karakterar og emnepåmelding. Lenke til Arena høgskole: http://www-pors.hit.no/fa/adm/arena/arena.htm.
Passord til Arena får du ved semesterstart, nærare informasjon får du da mellom anna på avdelingens nettsidar. Dersom du skulle miste passordet kan du be om å få det sendt til e-post-adressa som du tildelast av høgskolen. I tillegg til heimstadadresse, ber vi alle studentar om å legge inn studieadressa si på Arena.
I Arena må du melde deg på alle emne som du skal følgje inneverande semester. Sjekk din utdannningsplan på Arena eller ta kontakt med din studierettleiar om du er usikker. Slik emnepåmelding er nødvendig for at du skal få tilgang til det elektroniske klasserommet i dei faga du skal ta. Her vil det for dei fleste fag ligge ein del viktig informasjon. Hvis du ikkje kjem inn på classfronter i dei emna du skal ta, så har noko gått gale med din emnepåmelding i Arena. Ta i såfall kontakt med eksamenskontoret. (Du må vente ein dag frå emnepåmelding til classfronter-tilgang, fordi systema må synkroniserast, og det gjerast kvar ettermiddag.) Har du meldt deg opp til emne, vert dette overført til eksamensoppmelding omlag midt i semesteret.
På Arena skal du og godta din utdanningsplan. Utdanningsplanen inneheld din studieplan, samt avgjerder om institusjonens ansvar og plikter ovafor studenten, og studentens plikter ovafor institusjonen og medstudentar. Desse planane må studenten godta, og dei skal godkjennast av høgskolen. Fristar for dette blir det informert om ved studiestart.
