Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner

Omstillingsavtalen ved Høgskolen i Telemark

Denne avtala byggjer på Hovudavtala i staten, Hovudtariffavtala i Staten, lov om statens tjenestemenn (tenestemannslova), lov om arbeidervern og arbeidsmiljø (arbeidsmiljølova) og retningsliner for omstillingsprosessar i staten.

Omstilling i denne avtala tyder

· interne organisasjonsendringar, til dømes endringar av høgskolen si inndeling i avdelingar, grunneiningar/institutt, andre driftseiningar og seksjonering innan fellestenestene.

· nedlegging og nedbygging av studium eller tenester som medfører nedbemanning eller omdisponering av personale.

1. Formål og hovudprinsipp.

Formålet med denne avtala er å slå fast kva rettar og plikter arbeidsgjevar og arbeidstakarar har i ein omstillings- og omorganiseringssituasjon (heretter kalt omstilling). Avtala skal og gje retningsliner for korleis informasjons- og medverknadsordningane skal fungere. Partane er samde om at omstillingsprosessar ved Høgskolen i Telemark skal gjennomførast på ein måte som gjev dei tilsette tryggleik, som tar vare på den einskilde sine rettar og som er prega av god informasjon og personalbehandling. Partane er og samde om å medverke til at ordningane vert praktiserte slik at høgskolen er i stand til å gjennomføre kostnads- og formålseffektiv endring og omstilling.

2. Verkemiddel når stillingar fell bort.

Dersom omstillingstiltak fører til at stillingar blir overflødige eller blir dregne inn (nedbemanning), skal følgjande prinsipp leggjast til grunn for å ta vare på høgskolens personale:

Omstillingar vil kunne føre med seg endring i arbeidsoppgåver og/eller arbeidsstad, og dei tilsette har plikt til å finne seg i slike endringar.

Dersom arbeidsoppgåvene som ligg til ei stilling fell bort, skal vedkomande stillingsinnehavar så langt råd er få tilbod om anna høveleg stilling ved høgskolen. Tilbodet skal om mogleg gjelde stilling som vedkomande er kvalifisert for og der arbeidsoppgåvene er på tilsvarande nivå som tidlegare.

Ved overføring til stilling med andre arbeidsoppgåver, skal arbeidsgjevar syte for og bere kostnader ved tiltak for utvikling av kompetanse som arbeidgjevar finn turvande. Slike tiltak kan maksimalt ha eit omfang tilsvarande tre års studium. Det vert vist til Særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og videreutdanning, kurs m.v. (PM 19/2001).

Vert ein tilsett overført til stilling med lågare lønsplassering, skal arbeidstakaren behalde løna på overgangstidspunktet som personleg ordning.

Ein arbeidstakar som har fått tilbod som nemnde i pkt 2 b-d og 5 og som ikkje ønskjer å ta imot tilbodet, kan seiast opp etter reglane i tenestemannslova. Vedkomande vil då ha førerett til eventuelle ledige stillingar i staten etter dei reglane som er fastsette i tenestemannslova med føresegner.

Dersom nedbemanning fører til at talet på stillingar innanfor eit arbeidsområde blir redusert og det ikkje er klart ut frå formålet med omstillinga kva stillingar som er overflødige, skal moglege tiltak etter pkt 2 b-e og pkt 5 leggjast fram for dei tilsette i dei aktuelle stillingane. Dersom dei tilsette sine ønske gjer at ein må velje kven som skal omplasserast (jf pkt 2 b) eller seiast opp (jf pkt 2 e), avgjer vedkomande tilsetjingsutval saka ut frå ei heilskapsvurdering som byggjer på

· formell utdanning/kompetanse

· relevant praksis og røynsle

· tenestetid ved Høgskolen i Telemark og dei tidlegare regionale høgskolane i Telemark.

· sosiale forhold.

3. Verkemiddel når arbeidsoppgåver blir flytta.

Dersom omorganisering fører med seg at stillingar og arbeidsoppgåver vert flytta til andre driftseiningar, har dei tilsette som i det vesentlege får arbeidsoppgåvene sine vidareførte, rett til å følgje med arbeidsoppgåvene. Dersom ein tilsett blir pålagd endring i arbeidsstad, jf pkt 2 b, og dette fører med seg ekstra utgifter til pendling, gjeld Avtale om økonomiske vilkår ved endret tjenestested (PM 21/2001). Det vert og vist til Særavtale om flyttegodtgjørelse (PM 20/2001).

Ein tilsett kan seie frå seg retten til å følgje med arbeidsoppgåvene dersom dette vil medføre flytting eller pendling til annan kommune. Vedkomande må då seie opp stillinga si, men vil likevel ha førerett til eventuelle ledige stillingar ved tidlegare studiestad etter dei reglane som er fastsette i tenestemannslova med føresegner. Vilkåret er at Arbeids- og administrasjonsdepartementet godkjenner ordninga.

Dersom fleire tenestemenn har rett til innplassering i same stilling etter pkt. 3.a, skal vedkomande tilsetjingsutval avgjere saka etter ei heilskapsvurdering som byggjer på stillingsomtale og dei kriteria som er nemnde i pkt. 2.f.

Den/dei som ikkje vert innplasserte etter pkt. 3.c, vil ha dei rettane som følgjer av pkt. 2 og 4, og dei verkemidla som er nemnde i pkt. 5 kan nyttast.

4. Verkemiddel ved overføring til annan studiestad.

Vert ein tilsett overført til stilling ved annan studiestad etter pkt 2 a eller 3 a og dette gjer at vedkomande må flytte, skal partane forhandle om ei flytteavtale for å dekkje meirutgifter i samband med flyttinga. Verkemidla i ei slik avtale skal liggje innanfor dei rammene som går fram av dei sentrale personalpolitiske retningslinene for omstillingsarbeidet i staten, jfr. Regulativ for offentlige tjenestemenns flyttegodtgjørelse.

Når det gjeld pålagt overgang til stilling ved annan studiestad som fører med seg ekstrautgifter til pendling, vert det vist til Avtale om økonomiske vilkår ved endret tjenestested m.v.

5. Verkemiddel ved frivillig omstilling.

I ein omstillingssituasjon som fører med seg nedbemanning, kan einskilde tilsette ønskje andre tiltak enn omplassering. Det kan og frå verksemda si side vere ønskjeleg å stimulere til frivillig avgang. Arbeidsgjevar kan då gje tilbod om eit eller fleire av dei verkemidla som er nemnde nedanfor.

Permisjon utan løn for å ta arbeid i anna verksemd. I særskilde høve kan det vurderast å dekkje løn, eventuelt lønsdifferanse i inntil ni månader der ein arbeidstakar vert tilsett i ei anna verksemd i staten utan at stillinga har vore kunngjort.

Utvida rett til permisjon utan løn for å vidareutdanne eller omskolere seg til anna arbeid i eller utanfor staten. Slik permisjon kan bli gjeven for opp til 3 år.

Studiestønad med maksimum 2/3 løn i inntil tre år for fast og mellombels tilsette som har gjort teneste ved høgskolen i respektive minst to og fire år. Stønaden føreset at vedkomande seier opp stillinga si. Tilskotet blir utbetalt i månadlege ratar og gjev ikkje rett til ferie- eller sjukepengar. Den tilsette må sjølv skaffe studieplass og lage ein opplæringsplan som skal godkjennast av høgskolen. Det må leggjast fram dokumentasjon for gjennomførte studiar.

Utbetaling av eit sluttvederlag etter følgjande modell:

· Tilsette under 40 år: eit beløp som svarar til løn opp til 6 månader.

· Tilsette 40-49 år: eit beløp som svarar til løn opp til 9 månader.

· Tilsette 50-54 år: eit beløp som svarar til løn opp til 12 månader.

· Tilsette 55 år og eldre: eit beløp som svarar til løn opp til 15 månader.

Utbetaling av sluttvederlag føreset at den tilsette sjølv seier opp si stilling. Dette inneber at han/ho seier frå seg rett til venteløn og førerett til ny stilling i staten, og er friteken frå arbeidsplikt i oppseiingstida. Sluttvederlaget kan betalast ut som ein samla sum eller i månadlege ratar. Stønaden er løn som det må betalast skatt av, men gjev ikkje rett til ferie-, sjuke- eller fødselspengar m.m. Løn i oppseiingstid er rekna med i sluttvederlaget. Sluttvederlag føreset at det blir skrive ein kontrakt der desse tilhøva er nemnde, og der tidspunktet for siste arbeidsdag går fram.

Sluttvederlag kan og utbetalast etter andre modellar etter særskilt drøfting med tenestemannsorganisasjonane.

Tilrettelegging for aktivitet i arbeidstida som kan medverke til at den tilsette kan skaffe seg nytt arbeid utanfor høgskolen.

6. Informasjon.

Høgskoledirektøren har ansvar for at dei hovudtillitsvalde for alle tenestemannsorganisasjonar med medlemer ved Høgskolen i Telemark får tilbod om informasjon i samsvar med Hovudavtala.

Dei hovudtillitsvalde skal få informasjon om alle utvalsinnstillingar og vedtak/framlegg til vedtak i faste utval og styringsorgan som gjeld omstilling i høgskolen.

Informasjon skal gjevast på eit så tidleg tidspunkt som råd. Informasjon kan gjevast skriftleg og/eller i møte.

I samråd med dei hovudtillitsvalde for organisasjonar med partsrettar etter Hovudavtala skal høgskoledirektøren arbeide ut og gjennomføre informasjonsopplegg for alle tilsette om planlagde omstillingar i høgskolen. Dette skal gjerast seinast når det ligg føre konkrete framlegg til handsaming i høgskolens styre, og før framlegga vert drøfta med tenestemannsorganisasjonane.

Høgskoledirektøren har ansvar for at personalmessige konsekvensar av framlegg om omstilling og omorganisering vert klarlagde på eit så tidleg tidspunkt som råd er.

Høgskoledirektøren har ansvar for at det vert gjeve individuell informasjon til dei tilsette som vert direkte påverka av omstillingstiltak som fører til bemanningsreduksjon, både før og etter endeleg avgjerd er tatt. Slik informasjon skal gjevast i samtaler med administrativ leiar for vedkomande driftseining. Det skal gjevast informasjon om kva rettar og plikter arbeidstakaren har og kva tiltak som kan vere aktuelle, og den tilsette skal få høve til å leggje fram sine ønske. Den tilsette kan ha med seg ein tillitsvald/bisittar i samtalene. Det skal utarbeidast eit referat som den tilsette og administrativ leiar skal godkjenne.

7. Medverknad.

Rett til medverknad etter dette punktet har dei tenestemannsorganisasjonane som har partsrettar på institusjonsnivå etter Hovudavtala.

Tenestemannsorganisasjonane skal ha reell medbestemmelse og har rett til å delta i styrings-, prosjekt- og arbeidsgrupper som vert oppretta i samband med gjennomføring av omstillingsprosjekt. Talet på representantar vert fastsett av den ansvarlege leiar/det styringsorgan som nemner opp gruppa. I tillegg har organisasjonane rett til medverknad i samsvar med Hovudavtala.

Framlegg om omstillingstiltak som medfører nedbemanning og omorganisering, skal drøftast med dei tillitsvalde etter reglane i § 12 pkt. 1 d, 1 h og 2 i Hovudavtala.

Dersom det er gjort vedtak om endringar i organiseringa av høgskolen som inneber at personale må omdisponerast til nye driftseiningar, skal det førast forhandlingar om ny stillingsplan for dei driftseiningane som er direkte påverka av omorganiseringa, jfr. § 13.2.a i Hovudavtala. Denne vert lagt til grunn for arbeidet med overføring av personale, jfr. pkt. 3-5 ovanfor.

8. Om avtala.

Denne avtala er inngått mellom Høgskolen i Telemark og tenestemannsorganisasjonane

ved høgskolen.

Avtala gjeld frå 25.04.2002 og til ho vert sagt opp av ein av partane. Avtala kan seiast opp med ein gjensidig frist på tre månader.

Som vedlegg til avtala følgjer:

Oversyn over gjeldande reglar og retningsliner, notat 06.03.97.

AADs brev 20.12.01 Rammebetingelser for omstilling i staten

Særavtale om permisjon og økonomiske vilkår ved etter- og videreutdanning, kurs m.v., PM 19/2001

Særavtale om flyttegodtgjørelse, PM 20/2001.

Avtale om økonomiske vilkår ved endret tjenestested, PM 21/2001.

Nils Røttingen

høgskoledirektør

Håvard Bekkelund

personaldirektør

Ragnhild Elster

Norsk Forskerforbund

Unni Solvi

Norsk tjenestemannslag

Evy Olsnes

2fo

Hildegunn Hegna Haugen

NITO