Historie
Korleis og kvifor endrar samfunn seg? Kvifor gjekk Romarriket under? Kvifor er det krig i Midt-Austen? Kvifor gjekk Sovjetunionen i oppløysing, og kva fekk det å seie at USA blei verdas einaste supermakt? Kva kontroll har kyrkje og stat hatt over folks seksualvanar og ekteskap? Er innvandring til Noreg eit nytt fenomen? Finst det ein spesiell nordisk modell?
Som historiestudent får du innsyn i vår tid ved å studere fortida. Du får kunnskap om familien, lokalsamfunnet, klasser, nasjonar og globalhistorie. Vi er den einaste institusjonen innan høgare utdanning som har eit fast opplegg i nordisk historie. Studér historie i Bø og utvid ditt perspektiv på verda!
Studieprogram
Kursa våre
3501 Oversyn over verdshistoria før 1750
3502 Oversyn over verdshistoria etter 1750
3503 Valemne i verdshistorie,
- Det fyrste krosstoget og konflikta mellom kristendom og islam
- Kulturmøte og makt i den "Nye verda". Nordamerika før USA.
- "Skal jeg bli amerikaner?" Utvandring frå Europa og innvandringa til USA, 1820 - 1924
- Sovjetsamveldet etter 1917 - med vekt på utvikling og avvikling av stalinismen
3504 Oversyn over norsk historie før 1800
3505 Oversyn over norsk historie etter 1800
3506 Fordjupingsemne i norsk historie, t.d.
- Heidendom og kristendom ca. 800-1100
- Kong Sverre – mannen og kongedømet
- Trolldomsprosessar med vekt på tida 1550-1700
- Kjønn, kropp og arbeid
- ’Det moderne gjennombrotet’ – kulturbrytingar i Noreg på slutten av 1800-talet
- Innvandring, innvandringspolitikk og haldningar til ’dei framande’
Nordisk historie
Historieforskinga i dei nordiske landa har tradisjonelt vore mest opptatt av nasjonalstatane. Vi tar utgangspunkt i at Norden kan oppfattast som ein heilskap, med kulturelle, sosiale og politiske særdrag. Kursa vil løfte fram det nordiske perspektivet, og gje innblikk i kva den nordiske samanhengen har hatt å seie i historia, og i korleis vi kan forstå viktige skilnader og likskapar mellom dei nordiske landa.
- 3508 Oversyn over nordisk historie
- 3509 Politisk kultur, normer og sosial kontroll i Norden 1500-1800
- 3511 Nordisk politisk kultur og den ’nordiske modellen’. Tida etter ca midten av 1800-talet.
- Fagruppa for historiske fag
Pensum 2007/2008
Kontinuasjonseksamen, ekstraordinær prøve m.m.
