Studentane arrangerer Vinterkappleiken 2006
Førsteårsstudentane ved folkemusikkstudia på Høgskolen i Telemark på Rauland arrangerer den årlege, populære
vinterkappleiken i dagane 27. og 28. januar.
Årets folkemusikkstudentar er klare til å gjere det dei kan for at dette skal bli ein kappleik som det kjem til å gå gjetord om lenge.
Studentane lokkar med at det blir eit arrangement med både konsert, kappleik, dans, fest, flørting og anna utspekulert djevelsk moro.
På opningsdagen fredag blir det det konsert med to fantastisk flinke musikarar med røter frå Valdres: Marit Mattisgard og Anders E. Røine. Konserten ved Høgskolen i Telemark - Rauland startar kl. 20.00.
Etter konserten blir det dans til variert dansespel.
Laurdag 28. januar er dagen for sjølve kappleiken. Kappleiken startar kl. 11.00 og varar fram til 03.00 natt til søndag.
Vinterkappleiken har ord på seg for å vere ein ungdomeleg og frisk kappleik. Her er det fritt fram for alle å stille.
Nytt av året er at det og vil vere mogleg å stille med dans i open klasse. Om kvelden er det sjølvaste kappleiksfesten med premieutdeling og dans.
Me gler oss til at akkurat DU kjem på årets vinterkappleik.
