Norsk, årsstudium
Humanities
Bø
Bachelor
1 year(s)
60
Opptakskrav er generell studiekompetanse.
Studiet eignar seg for alle med interesse for norsk språk og litteratur. Årsstudiet er særleg retta mot å stette krava til undervisningskompetanse i grunn- og vidaregåande skole.
Studiet skal gi ei grunnleggande innføring i norsk og nordisk språk og litteratur frå mellomalderen til i dag, i eit breitt kulturelt perspektiv.
Dei seks emna som utgjer årsstudiet i norsk, sikrar breidd og innsikt i faget, og kvalifiserer for undervisning i norsk i ulike skoleslag.
Årsstudium og fordjupningsemne på minst 20 studiepoeng i ein bachelorgrad vil kvalifisere til masterstudium i norsk/nordisk, eller andre kulturfaglege mastergradar. Årsstudiet kvalifiserer for undervisning i norsk i ungdomsskole og vidaregåande skole.
Årsstudiet er delt i 6 eksamenemner og kvart emne tel 10 studiepoeng. Tre emner har eksamen i desember og dei tre andre har eksamen i mai.
Undervisningsformene er forelesing og seminar.
Det vil bli gitt oppgåver som studentane skal legge fram i seminar.
Vurderingsformene er individuell heimeoppgåve, mappevurdering, skriftleg individuell prøve og munnleg prøve (sjå dei einskilde emna).
I dei emna som har individuell heimeoppgåve, vil det vere høve til utsett vurdering i form av ei skriftleg prøve. Retten til utsett vurdering gjeld dei som ikkje har bestått heimeoppgåva, og dei som har levert legeerklæring for sjukdom.
Minor adjustments may occur during the academic year, subject to the decision of the Dean
Copyright © Høgskolen i Telemark