Reiseliv, påbygging
Business Studies & Computer Science
Bø
Påbyggingsstudium
1 year(s)
60
Studiet kan og vere eit etterutdanningstilbod for folk med praktisk erfaring frå reiselivsnæringa. Kandidatane skal etter avslutta studium ha eit godt utgangspunkt for arbeid på leiar-/mellomleiarplan innan reiselivsnæringa, med m.a. marknadsføring og drift av reiselivsverksemder, samstundes som det skal kvalifisere for vidare studiar i inn- og utland. Studiet fell saman med det siste året i den 3-årige bachelorutdanninga i reiseliv. Søkjarar må ha fullført 2-årig studium i økonomi/administrasjon, eller ha anna 2-årig utdanning på høgskole-/universitetsnivå. Andre søkjarar vil bli vurderte individuelt.
Målet med studiet er å gje kandidatar med 2-årig økonomisk/administrativ bakgrunn eller anna 2-årig studiebakgrunn, ei yrkesretta påbygging i reiseliv, der det vil bli lagt vekt på marknadsføring, internasjonalisering og strategisk reiselivsutvikling.
Studiet kan vere grunnlag for masterstudiar i inn- og utland.
Studiet er 1-årig og gir 60 studiepoeng. Studiet byggjer på 2-årig høgskole-/universitetsutdanning. Dei som gjennomfører studiet med minst 60 studiepoeng til saman, vil få vitnemål frå 1-årig påbyggingsstudium i reiseliv. Studiet vil kunne gå inn som del av ein bachelorgrad etter nærare fastsette reglar. Studiet vil og kvalifisere til opptak til høgare grads studium ved høgskolar og universitet i Noreg eller utlandet.
I vårsemesteret kan studentane velje mellom studiar ved høgskolen, godkjent praksisopphald i inn- eller utland eller studieopphald i utlandet.
Eventuelle ekskursjonar må sjåast på som obligatoriske, og studentane må rekne med å betale heile eller delar av desse ekskursjonane sjølve.
Valemne
I studieplanen er det sett opp forslag til valemne, men studentane kan velje valemne fritt innanfor høgskolens studieprogram, sjå og studieplanar for andre studium ved høgskolen. Timeplan og eksamensplan kan avgrense dette valet noko. I nokre samanhengar vil det vere viktig å passe på at ein vel rett valemne med tanke på opptak til andre studium.
Det vil bli nytta varierte arbeids- og undervisningsformer i emna som inngår i studieplanen, til dømes forelesingar, emne/seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver og ekskursjonar. Tradisjonelle forelesingsformer kan bli supplerte med aktiv bruk av e-post, internett og databasert modellverkty.
Studiet har ein teoretisk basis, men det vil bli lagt vekt på å nytte mest mogleg praktiske døme i undervisninga. I siste semester i det tredje studieåret vil det vere mogleg å velje mellom ein praktisk variant og to meire teoretiske variantar. Studiar/praksis i dette semesteret kan gå føre seg utanlands.
Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene. Vi tek atterhald om at det kan bli gjort endringar i evaluerings- og eksamensformer i samsvar med retningslinene i reforma i høgare utdanning.
Minor adjustments may occur during the academic year, subject to the decision of the Dean
Copyright © Høgskolen i Telemark