Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Back to start-page Sitemap

Study Programmes 2005/2006 / Subjects / Business Studies & Computer Science / Internasjonal marknadsføring, påbygging

Internasjonal marknadsføring, påbygging

About the Study Programme
Subject:
Business Studies & Computer Science
Location:
Bø
Level:
Påbyggingsstudium
Duration:
1 year(s)
ECTS:
60
Faculty:
Faculty of Arts and Sciences
Department:
IØI
Programme code:
220905

Target Group and Admission Requirements

Studiet tek sikte på å gje ei opplæring som vil høve for arbeid på leiar- og mellomleiarplan innan bedrifter som driv med internasjonal marknadsføring og internasjonalisering. Studiet vil passe godt for dei som ønskjer å ta vidare studium i utlandet. Dei som gjennomfører studiet med minst 60 studiepoeng til saman, vil få vitnemål frå 1-årig påbyggingsstudium i internasjonal marknadsføring.

Opptakskravet er minst to års høgre utdanning (120 studiepoeng). Av desse skal minimum 60 studiepoeng vere innanfor økonomisk/administrativt fagområde. Det kan vere høve til å gje dispensasjon for søkjarar med kortare høgskoleutdanning (minst 30 studiepoeng innanfor økonomi/administrasjon), og som har lengre røynsle frå marknadsføring og internasjonalt arbeid.

Aim of the Programme

Studiet skal gje studentane solide kunnskapar i kommunikasjon og viktige sider ved internasjonal marknadsføring. Ein vil i studiet aktivt rette søkeljoset mot eksportbedrifter.

Further Education opportunities

 Studiet vil og kvalifisere til opptak til høgare grads studium i ved høgskolar og universitet i Noreg eller i utlandet.

Curriculum and structure

Studiet er 1-årig og gir 60 studiepoeng.

Studiet byggjer på 2-årig høgskole-/universitetsutdanning. Dei som gjennomfører studiet med minst 60 studiepoeng til saman, vil få vitnemål frå 1-årig påbyggingsstudium i internasjonal marknadsføring. Studiet vil kunne gå inn som del av ein bachelorgrad etter nærare fastsette reglar. Studiet vil og kvalifisere til opptak til høgare grads studium i ved høgskolar og universitet i Noreg eller i utlandet.

Ekskursjonar med arbeid før og etter er ein viktig del av studiet. Det vil normalt bli gjennomført lokale ekskursjonar og ein lengre utanlandsekskursjon i haustsemesteret. Studentane må rekne med å betale ein eigendel for å vere med på desse ekskursjonane.

Valemne
I studieplanen er det sett opp forslag til valemne, men studentane kan velje valemne fritt innanfor høgskolens studieprogram, sjå og studieplanar for andre studium ved høgskolen. Timeplan og eksamensplan kan avgrense dette valet noko. I nokre samanhengar vil det vere viktig å passe på at ein vel rett valemne med tanke på opptak til andre studium.

Course overview

Teaching and Learning Methods

Det vil bli nytta varierte arbeids- og undervisningsformer i emna som inngår i studieplanen, til dømes forelesingar, prosjektarbeid, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver og ekskursjonar. Tradisjonelle forelesingsformer kan bli supplerte med aktiv bruk av e-post, internett og databasert modellverkty.

Theory and Practical Training

Studiet har ein teoretisk basis, men det vil bli lagt vekt på å nytte mest mogleg praktiske døme i undervisninga. I siste semester i det tredje studieåret vil det vere mogleg å velje mellom ein praktisk variant og ein meir teoretisk variant. Studium/praksis i dette semesteret kan gå føre seg utanlands.

Assessment Methods

Kandidatanes kunnskapar innanfor alle emne i studiet skal evaluerast. Aktuelle evalueringsformer går fram av emneomtalene.


Minor adjustments may occur during the academic year, subject to the decision of the Dean