Bachelorstudium i helse- og miljøvern
Environmental Studies
Bø
3-årig bachelorgrad
3 year(s)
180
Studiet passar for studentar som vil kvalifisere seg for arbeidsoppgåver innan miljøretta helsevern, internkontroll, matkontroll og liknande.
Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse. I tillegg til generell studiekompetanse/realkompetanse er det frå hausten 2005 krav om 2MX eller 2MY eller 3MZ og i tillegg 3MX eller 3FY eller 3KJ eller 3BI.
Studiet gir tverrfagleg utdanning innan natur- helse- og miljøvernfag. Studentane skal få kunnskap om korleis ulike forhold i miljøet påverkar helsa til menneske. Studiet skal leggje grunnlag for eit aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet, og formidle ulike verdisyn i samband med dette.
Studiet gir grunnlag for opptak på 2- årig masterstudium i natur-, helse- og miljøvern
Studentane blir fulgt opp under heile studieløpet med arbeids- og undervisningsformer som inkluderer felt- og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og undervisningsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalene.
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det vert sett opp.
I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalene.
Minor adjustments may occur during the academic year, subject to the decision of the Dean
Copyright © Høgskolen i Telemark