1-årig påbyggingsstudium i helse- og miljøvern for helsepersonell
Environmental Studies
Bø
Påbyggingsstudium
1 year(s)
60
3-årig sjukepleiarutdanning med offentleg godkjenning (og evt. anna helsefagutdanning) som gir 180 studiepoeng er godkjent opptaksgrunnlag. Studentar med utdanning av eldre dato og med tilleggsutdanning vil bli særskilt vurderte for opptak.
Studiet gir tverrfagleg utdanning innan natur- helse- og miljøvernfag. Studentane skal få kunnskap om korleis ulike forhold i miljøet påverkar helsa til menneske. Studiet skal leggje grunnlag for eit aktivt og realistisk samfunnsengasjement innan det aktuelle fagområdet, og formidle ulike verdisyn i samband med dette.
Som del av eller tillegg til bachelorstudium kvalifiserer studiet for opptak til 2-årig masterstudium i natur-, helse- og miljøvern.
Studentane blir fulgt opp under heile studieløpet med arbeids- og undervisningsformer som inkluderer felt-og laboratorieundervisning med rapportskriving, prosjekt, seminaroppgåver, gruppe- og seminarundervisning, forelesingar osv. Det er lagt vekt på praktiske prosjekt i læringsprosessen. Dei ulike arbeids- og undervisningsformene er omtalt i dei enkelte emneomtalene.
Gyldig fråvær (sjukemelding) inntil 20% frå ein obligatorisk del av eit emne vil bli akseptert. Ved fråvær større enn 20% vil ikkje studenten få godkjent denne delen av emnet. Studenten vil i så fall ikkje ha krav på fortrinnsrett til plass på felt/labkurset neste gongen det vert sett opp.
I dei fleste emna vil det vere både undervegsvurdering og sluttvurdering.
I mange emne vil seminaroppgåver og liknande vere del av vurderinga. Aktuelle vurderingsformer går fram av emneomtalene.
Minor adjustments may occur during the academic year, subject to the decision of the Dean
Copyright © Høgskolen i Telemark