Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Praktisk norsk i forvaltninga 2150

2150
Fakta om dette emnet
Emnekode:
2150
Antall studiepoeng:
5,00

Forkunnskaper

Ingen

Læringsmål

Studentane skal få kunnskapar om og øving i å bruke godt språk i ulike kommunikasjonssituasjonar, og særleg i forvaltninga. Kurset er nyttig for alle som vil skrive betre på eksamen, i semesteroppgåver, prosjektrapportering o.a., og for dei som seinare skal bruke språket i offentleg teneste, næringslivet og samfunnet elles.

Det blir lagt vekt på korleis ein uttrykker seg presist og korrekt, og korleis ein disponerer eit stoff. Deltakarane skal såleis få øvd opp evna til å framstille eit emne, gjere greie for problem som er knytte til emnet, og argumentere for eigne synspunkt. Det blir henta døme frå relevante forvaltningsområde.

Organisering

Haust- eller vårsemester, etter nærare kunngjering. 2 veketimar i 10 veker. Forelesing, seminar, praktiske øvingar. I tillegg kjem individuell rettleiing.

Innhold

Oppøving i å bruke norsk som forvaltningsspråk.

Vurderingsformer

To skriftlege innleveringar, som skal vere godkjende. 4 timars sluttprøve med graderte karakterar.  Sluttprøva må vere bestått. Målform: bokmål eller nynorsk etter eige val.