Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Ecophilosophy/Naturfilosofi 2606

2606
Fakta om dette emnet
Emnekode:
2606
Antall studiepoeng:
5,00
Emnets varighet:
1/2 år

Forkunnskaper

Ingen

Læringsmål

Kurset i naturfilosofi er retta mot miljøfag- og friluftslivstudentane ved avdelinga i Bø og studentar med interesse for miljøfilosofiske problemstillingar. Formålet med kurset er å belyse filosofiske og etiske føresetnader for menneskets omgang med natur og miljø. Med tanke på dei som vil studere naturvitskaplege fag, har òg kurset som formål å danne grunnlag for refleksjon omkring omgrepet natur og å belyse føresetnader for moderne vitskapleg tenkjemåte. Kurset vil òg vere relevant for studentar som ønskjer å kombinere natur- og miljøfaglege studium med samfunnsvitskaplege studium.

Organisering

Fortelesingar og seminar. Det krevst 80% frammøte.

Innhold

Kurset i naturfilosofi har tre delar: ein idéhistorisk del, ein miljøetisk del og ein del som drøftar problemstillingar og forskjellige synspunkt på forholdet mellom kultur og natur. Tema som blir tatt opp omfattar: syn på menneske og natur i Vestens filosofi og vitskap, miljøetiske teoriar som antroposentrisme, ikkje-antroposentrisme, djupøkologi, vern og bruk av naturen, berekraftig utvikling.

Vurderingsformer

Det skal førast journal som tel 25% av samla karakter. To korte oppgåver tel 25% til saman, ei munnleg framlegging tel 25% og ein heimeeksamen som tel 25%. Alle delar av eksamen må vere bestått for å få bestått i emnet.