Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Fransk 1 2707

2707
Fakta om dette emnet
Emnekode:
2707
Antall studiepoeng:
10,00
Nivå / grad:
Bachelor
Emnets varighet:
Eit semester

Forkunnskaper

Generell studiekompetanse er ein føresetnad for å ta kurset. Forkunnskapar i fransk trengst ikkje.

 

 

 

 

Læringsmål

Målet med kurset er å gje ei grunnleggande innføring i moderne fransk språk, slik at studentane etter gjennomført kurs skal kunne føre daglegdagse samtalar på fransk og lese og skrive fransk på eit elementært nivå. Kurset skal også leggje til rette for studentanes fyrste møte med samfunnstilhøve og kultur i Frankrike.

Organisering

Forelesingar og seminar ca. 100 timar fordelt på 12 veker,  med hovudtyngda på dei 4 fyrste vekene. Forelesingar og gruppearbeid.

Evalueringar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom gjennom kurset. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga.

  

Innhold

Emnet er eit elementært og intensivt språkkurs i eit omfang på 10 studiepoeng, lokalisert til Frankrike. Kurset skal gje grunnleggande dugleik i fransk. Kurset passar for studentar som ikkje har forkunnskapar i fransk frå vidaregåande skule eller liknande, men det kan også fungere som ei frittståande grunnopplæring i språket.

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt:
1) Ei munnleg prøve på ca. 40 min, med ei samtale på fransk om emne som er gjennomgått i kursboka, og høgtlesing frå og samtale om tekster på fransk.
2) Ei skriftleg prøve på 3 timar. Den munnlege og den skriftlege delen av eksamenen tel kvar 50 prosent av endeleg resultat. Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile innføringskurset.

Det blir gjevne graderte karakterar frå A til F. E er lågaste ståkarakter.