Forkunnskaper
Ingen
Læringsmål
Studenten skal tileigne seg ein grunnleggjande, kulturanalytisk kompetanse innafor felta samhandlingsanalyse, språk og symbolbruk og sosiale skiljeliner. Denne kompetansen skal fyrst og fremst vere av handverksmessig art. Studenten skal bygge opp ei fortolkande evne og bli i stand til å bruke analytiske omgrep på sosiale prosessar og symbolbruk som er tilgjengelege for direkte erfaring (observasjon).
Organisering
Forelesingar, skriftlege (obligatoriske) oppgåver, gruppearbeid, diskusjonar, presentasjon av skriftlege øvingar.
Innhold
Kurset fokuserar på sosial samhandling. Gjennom ulike døme frå kvardagsliv og frå kulturfeltet vil det bli vist korleis kultur er eit aspekt ved all menneskeleg verksemd.
Sentrale tema er:
- Kulturomgrepet
- Samhandlingsanalyse og prosessforståing
- Samanlikning og metodisk relativisme
- Frå observasjon via data til analyse
- Symbol og omgrep som kommunikasjonsreiskap
- Kjønn, alder, klasse, region, etnisitet
- Makt
Vurderingsformer
Skriftleg individuell heimeeksamen som tel 40% av samla karakter og individuell sluttprøve som tel 60%. Graderte karakterar. Både heimeeksamen og sluttprøva må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
