Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
« Tilbake

Reiselivsøkonomi/reiselivsgeografi 5402

Med forbehold om endringer fram til 1. mars

Fakta om dette emnet
Emnekode:
5402
Antall studiepoeng:
20,00
Nivå / grad:
Lavere grad
Pensum:

Forkunnskaper

Det vil vere ein fordel å ha gjennomført emna 5400 Reiseliv og samfunn, 5403 Reisemålsutvikling, 5203 Marknadsføring og 5010 Bedriftsøkonomisk analyse og rekneskap, men det er ingen føresetnad.

Læringsmål

Emnet har tre hovudmål:
1) Formidle eit oversyn over dei viktigaste turiststraumane og dei viktigaste forklaringsmekanismane bak desse straumane.
2) Styrke kunnskapen om marknadsføring med hovudvekt på reiseliv.
3) Sørge for innsyn i korleis økonomistyringa skjer i reiselivet og korleis ulike samfunnsøkonomiske tilhøve har verknad for reiselivet.

Innhold

Emnet skal gjere studentane kjende med turiststraumane nasjonalt og internasjonalt. Dei skal og kjenne dei viktigaste motiva og grunngjevingane for turiststraumane, kunne forklare turiståtferd og analysere turistpotensialet/marknadspotensialet i eit område. Studentane skal få kjennskap til korleis verksemder og reisemål marknadsfører reiselivsprodukta, og kva distribusjons- og marknadsføringskanalar som blir nytta. Studentane skal gjerast kjende med økonomistyring i reiselivsverksemder og reiselivsorganisasjonar. Reiseliv og samfunnsøkonomi blir og drøfta.

Organisering

8-10 timar i veka i haustsemesteret. Undervisninga vil variere mellom tradisjonelle førelesingar, seminarprega undervisning, øvingsoppgåver, studentpresentasjonar og skriftlege rapporteringar/innleveringar.

Vurderingsformer

Mappeevaluering med to skriftlege semesteroppgåver (samla 30 % av karakteren), munnleg presentasjon (10 %) og ein avsluttande skriftleg eksamen på 5 timar (60 %). Alle delprøver må vere bestått.

Pensum

Se pensumliste