Engelsk 5907
Med forbehold om endringer fram til 1. mars
5907
10,00
Lavere grad
Med forbehold om endringer fram til 1. mars
Emnet krev gode allmennkunnskapar i engelsk.
Emnet rettar seg mot studentar frå reiselivsfag, internasjonal marknadsføring og andre som vil auke innsikt i munnlege og skriftlege evner innanfor fagspesifikke emn i forretningsengelsk.
Studentane skal førebu seg til å fungere i eit internasjonal miljø med auka kunnskapar og evner i munnleg og skriftleg kommunikasjon. Studentane vil få noe kjennskap til samfunnsmessige og kulturelle forhold i engelsktalande land. Emnet byrjar om hausten med ei oppfrisking av generelle kunnskapar i engelsk grammatikk og intonasjon. Deretter blir det konsentrasjon på å auke det økonomisk engelske ordforrådet, med øvingar i sosial engelsk og munnlege presentasjonar. Vidare vil studentane lese og diskutere artiklar og kapittel frå pensum som siktar på å gi trening og innsikt i forretnings kommunikasjon. Om våren vil vi fokusere på skriftleg forretningskorrespondanse med e-postprosjekt med belgiske studentar. Det vil bli utarbeiding av eigen CV og andre dokument i arbeidssøkingsprosessen. Det vil bli diskusjonar av internasjonale "casestudies" frå næringslivet og utarbeiding av formelle skriftlege rapportar.
3-4 timar forelesing i veka i haust- og vårsemesteret.
Forelesinga, gruppearbeid, individuell heimeførebuing med skriftlege innleveringar, munnlege presentasjonar, rapportskriving, e-postkommunikasjon, case-studier og diskusjonar. Undervisningsspråket er engelsk.
Haustsemesteret: 4 skriftlege innleveringar med karakteren stått. Munnleg eksamen med individuell presentasjon og diskusjon av pensum. Haustevalueringa tel 50 % av endeleg karakter. Vårsemesteret: 4-6 skriftlege innleveringar med karakteren stått. Skriftleg eksamen, 3 timar. Vårevalueringa tel 50 % av endeleg karakter. Alle innleveringer og delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark