Nordic-Baltic Perspectives on Marketing 5951
Med forbehold om endringer fram til 1. mars
5951
7,50
Lavere grad
Engelsk
Med forbehold om endringer fram til 1. mars
Emnet bygger på 5203 Marknadsføring.
Kurset tek sikte på å gi studentane betre føresetnader for å fungere i bedrifter som har kontakt med utlandet på marknads- eller leverandørsida. Sjølv om fokus vil være på bedrifter i Norden og dei baltiske landa, vil det vere eit emne som sikrar forståing for korleis det er å arbeide i ei verd som blir meir og meir internasjonal. Det er viktig å bli klår over at sjølv dei næraste grannane våre ikkje alltid har dei same verdiane og dei same måtane å sjå ting på som vi har.
Tema ein vil ta opp i dette emnet er følgjande:
- Historisk, kulturell og politisk informasjon om Baltikum og Norden.
- Nordiske og baltiske bidrag i marknadsføringsteori.
- Analyse av distribusjonssystem og marknadsføring meir generelt i dette området, likskapar og ulikskapar.
Mange av dei bedriftene som operer i den nordisk-baltiske marknaden, er store internasjonale konsern som t.d. IKEA, Nokia, Telia, Telenor. I tillegg til å sjå på korleis internasjonale konsern med basis i Norden/Baltikum marknadsfører seg, vil emnet og sjå nærare på korleis små og mellomstore bedrifter opererer i denne marknaden, både på innkjøps- og marknadsføringssida.
3-4 veker Web-basert undervisning pluss 1-2 veker intensiv undervisning i haust- og/eller vårsemesteret. Vekene med intensiv undervisning vil veksle mellom 6 ulike nordiske universitet/høgskolar. Avgrensa deltaking. Undervisningsspråk: Engelsk.
Mappeevaluering basert på:
- skriftlege prosjektrapportar frå grupper i kvart land
- munnleg framføring av resultata frå dei same nasjonale prosjekta
- arbeidet i intensivperioden med å sy saman fellesrapportar med analyse av likskapar og ulikskapar mellom dei ulike landa
Alle delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark