Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
« Tilbake

Spansk språk og kultur I 2301

Med forbehold om endringer fram til 1. mars

Fakta om dette emnet
Emnekode:
2301
Antall studiepoeng:
15,00
Nivå / grad:
Lavere grad
Pensum:

Forkunnskaper

Opptakskrav er generell studiekompetanse med tilleggskrav om innføringskurs i spansk eller spansk B2- eller C3-språknivå frå vidaregåande skole.

Læringsmål

Studentane skal øvast opp i bruk av moderne spansk, og skaffast oversyn over spansk språk og grammatikk. Studentane skal øvast i norsk-spansk og spansk-norsk omsetjing. Studentane skal skaffast ei innføring i historie og kulturkunnskap i dei spansktalande landa.

Innhold

Emnet gjev ei nærare innføring i moderne spansk grammatikk og syntaks. I tillegg blir det gitt ei innføring i praktisk språkbruk. Emnet gjev eit oversyn over historie, litteratur- og kulturkunnskap i den spansktalande verda.

Organisering

Forelesingar og seminar 8 timar i veka.

Undervisninga er hovudsakleg på spansk. Førelesingar i språk, med tilknytte øvingar i grammatikk og norsk-spansk og spansk-norsk omsetjing. Førelesingar i kulturkunnskap, der sentrale pensumtekstar blir kommenterte. Studentane må rekne med stor eigeninnsats og aktiv deltaking i undervisninga. Vurderingar av nivå og progresjon vil bli gjort med jamne mellomrom

Vurderingsformer

Eksamenen er todelt:

  1. Ei skriftleg prøve på tre timar som tel 50 % av samla karakter.
  2. Ei munnleg prøve på inntil 30 minuttar som tel 50 % av samla karakter. Prøva er for det første ei samtale på spansk om emne som er gjennomgått i kurset, og for det andre høgtlesing frå og samtale om tekstar på spansk.

Det krevst ståkarakter i begge eksamenane for å oppnå ståkarakter i heile emnet. Det vil bli gjeve graderte karakterar frå A til F, der E er lågaste ståkarakter.

Tillatne hjelpemiddel ved skriftleg eksamen:
Eittspråkleg ordbok utan grammatikk eller bøyingsmønster; anten Diccionario Larousse del español moderno eller Larousse Diccionario práctico español moderno.

Pensum

Se pensumliste