Norsk litteratur etter 1900 for internasjonale studentar 2613
2613
10,00
Lavere grad
Internasjonale studentar må ha gode kunnskapar i norsk språk, skriftleg og munnleg.
Studentane skal få innsikt i sentrale sider ved norsk litteratur og norsk litteraturhistorie frå ca. 1900 til i dag. Pensum består av verk og kortare tekstar frå perioden, og av litteraturhistorie, litteraturteori og metode. Dei skal legge opp eit eige emne innanfor den nyaste litteraturen.
Norsk litteratur etter 1900.
Vårsemestret, om lag 7 veketimar i 15 veker. Forelesing, seminar og gruppeøvingar.
Individuell heimeoppgåve på om lag 2 000 ord med obligatorisk rettleiing, som tel 40% av karakteren, og 4 timars sluttprøve som tel 60 %. Valgfri målform. Det krevst ståkarakter på både oppgåva og sluttprøva. Oppgåvene kan skrivast på norsk eller engelsk.
Copyright © Høgskolen i Telemark