Skrift og tale i praksis 2400
Med forbehold om endringer fram til 1. mars
2400
10,00
Lavere grad
Med forbehold om endringer fram til 1. mars
Som for studiet
Studentane skal kunne skrive akademiske og journalistiske tekster. Dei skal ha innsikt i ulike skriftspråksjangrar og i den norske språksituasjonen, og dei skal kunne analysere tekststruktur og argumentasjon, og drøfte kriterium for gode og dårlige tekster. Studentane skal kunne rettleie andre og lese korrektur.
Studentane skal ha kunnskap om og dugleik i munnleg presentasjon framfor ei forsamling. Dei skal kunne formidle stoffet klart og engasjerande. Dei skal få øving i praktisk og mental førebuing til presentasjonar i ulike samanhengar, og få auka medvit om kroppsspråk og stemmebruk. Studentane skal ha innsikt i ulike munnlege sjangrar, og dei skal kunne vurdere munnlege presentasjonar.
Emnet har seminarundervisning 5 timar i veka i 15 veker. Ein vesentleg del av studiet er eigenaktivitet. Fire tekster, skrivne etter avtale med faglærar, skal vere godkjende før slutteksamen. Begge målformer skal vere representerte. Ein munnleg presentasjon skal vere godkjend før sluttprøva.
To skriftlege tekster med samla omfang på om lag 6 sider. Ein av tekstene skal vere knytt til pensum. Begge målformer skal være representerte, og tekstene får ein samla karakter. Denne karakteren tel 60 %.
Ein munnleg presentasjon skal vere godkjend før sluttprøva. Sluttprøva er ein munnleg presentasjon av ein eigenprodusert tekst, anten tale, foredrag eller kåseri, om lag 10 minutt. Studenten skal kunne kommentere si eiga framføring. Sluttprøva tel 40 %.
Copyright © Høgskolen i Telemark