Kulturanalyse I 3309
Med forbehold om endringer fram til 1. mars
3309
10,00
Lavere grad
Med forbehold om endringer fram til 1. mars
Ingen
Studenten skal tileigne seg grunnleggande kulturanalytisk kompetanse innafor områda kulturell materialitet, handling, oppleving og erfaring. Målet er at studenten skal bli fortrulig med det ”kulturanalytiske blikket” og få grep om kultur som fenomen. Vidare skal studenten byggje opp ei fortolkande evne som gjer han/henne i stand til å forstå fenomen som tilgjengeleg for erfaring og observasjon ved bruk av analytiske omgrep. Emnet skal gje studenten innsikt i kulturanalysen sitt vitskapssyn og arbeidsmåtar.
Gjennom ulike døme frå dagleglivet og kulturfeltet blir kultur forstått som aspekt ved all menneskeleg verksemd. Emnet legg vekt på kultur som erfaring, praksis, som daglegliv og som livsverd. Innom emnet blir difor kultur å forstå som noko som ikkje alltid lar seg språkleg og verbalt formulere. Sentrale tema er:
Førelesingar, seminar, gruppearbeid/responsgrupper, skriftlege og munnlege øvingar knytt til førelesingar. I emnet er det lagt inn feltarbeid som skal resultere i ei skriftleg heimeoppgåve med innlevering i midten av semesteret.
Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav):
Det er knytt to obligatoriske seminar til emnet. Begge seminara er knytt til ei skrifteleg heimeoppgåve. Det første seminaret vil fungere som ein temapresentasjon. Her skal studenten levere ei tekst/ skisse der ho/ han presenterar val av tema for feltarbeidet og tematikk for den skriftlege oppgåva. Dette skal faglærar godkjenne. På seminaret er det også obligatorisk å vere opponent på ein av medstudentane sine tekster. Neste seminar fungerar som responsgrupper. Studentane skal her utveksle tekst på førehand med andre studentar i same gruppe, samt faglærar. Arbeid i responsgrupper vil bli gått gjennom på førehand som del av undervisninga. Fristar for innlevering av tekster til dei to seminara vert kunngjorde i undervisningsplan og på Fronter.
Obligatorisk heimeoppgåve på ca 2000 ord, på bakgrunn av seminara og med utgangspunkt i feltarbeid. Heimeoppgåva tel 40 % av samla karakter. Individuell femtimars skoleeksamen vert arrangert i slutten av semesteret. Denne tel 60 % av samla karakter. Graderte karakterar. Både innlevering av tekster til seminara, deltaking på seminara, heimeoppgåve og slutteksamen må vere stått for å få stått i faget.
Copyright © Høgskolen i Telemark