Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
« Tilbake

Reisemålsutvikling 5404

Med forbehold om endringer fram til 1. mars

Fakta om dette emnet
Emnekode:
5404
Antall studiepoeng:
20,00
Nivå / grad:
Lavere grad
Pensum:

Forkunnskaper

5400 Reiseliv og samfunn

Læringsmål

Hovedsiktemålet med emnet er å få fram særtrekk ved ulike typar reisemål og viktige element som må til for å lykkest med utviklinga av reisemål. Emnet skal vidare gi ei innføring i geografiske informasjonssystem, og synleggjere med ulike døme korleis dette kan bli brukt som reiskap for reiseplanlegging og destinasjonsvisualisering.

Innhold

Emnet skal gi studentane ei grundig innføring i ulike problemstillingar knytt til reisemåls-/destinasjonsutvikling. Ein vil sjå på ulike typar reiselivsdestinasjonar og viktige element i utviklinga fram til i dag. Natur- og kulturarv som grunnlag for å utvikle reisemål er eit viktig delemne. Mellom anna vil storbykultur bli tatt opp som tema. Utvikling av komplementære produkt vil stå sentrallt, og ein vil særleg leggje vekt på destinasjonane og samspelet mellom private og offentlege aktørar. Det vil og bli ei innføring i nye kommunikasjonsformer mellom reselivsprodukt og reiselivsmarknader. Konsekvensar av destinasjonsutvikling for lokalsamfunn vil bli drøfta. Geografiske informsjonssystem (GIS) vil bli introdusert gjennom teori og øvingar. Studentane blir gjort kjende med aktuelle databasar på Internett for å få ei forståing av korleis desse kan vere nyttige i reselivssamanheng.

Organisering

4 timar r veke i gjennomsnitt i haust- og vårsemesteret. Undervisninga vil variere mellom tradisjonelle førelesingar, seminarprega undervisning, prosjektarbeid, øvingsoppgåver, studentpresentasjonar og skriftlege rapporteringar/innleveringar. Ein del av øvingane vil vere på PC (GIS).

Vurderingsformer

Mappeevaluering med eitt individuelt arbeid (15 %) og to gruppeoppgåver (15 % og 10 %). Den fyrste av dei to sistnemnde vil vere innanfor GIS. Kurset blir avslutta med ein skriftleg individuell eksamen, 5 timar (60 %). Alle delprøver må kvalifisere til "stått".

Pensum

Se pensumliste