Produktutvikling og immatriell rett 5354
53545354
10,00
Bachelor
Eitt semester
Ingen.
Fyrste del av kurset gir kunnskap om bruk av konkrete verktøy i marknadsvurderingar og utviklinga frå eit behov er identifisert og fram til ferdig produktkonsept. Verktøyet kan brukast på både varer og tenester. Andre del av kurset tar for seg korleis ein skal sikre rettigheitar til produkt og tenester, anten gjennom patent, varemerke- eller designbeskyttelse og kva slag reiskap slik beskyttelse kan vere. Ein ser på korleis ein går fram og kva slags vurderingar ein må gjere. Det blir lagt opp til gruppearbeid med konkrete oppgåver gjennom heile kurset.
Det er eit føremål å gjere studentane i stand til å kunne drive produktutvikling og kjenne til korleis rettane til nye varer og tenester best kan tryggast. Kurset vil gje nyttig kompetanse for nær sagt alle typar arbeid i tillegg til dei som tenkjer å starte eigen bedrift.
3-5 timar forelesing i veka i haustsemesteret.
Stoffet er mellom anna henta frå følgjande emne: Behovsretta produktutvikling, marknadsorientering, patentlovgiving, design- og varemerkebeskyttelse.
Mappeevavluering: Obligatoriske gruppeoppgåver (gruppe) som skal innleverast i fleire delar. To av dei evaluerte oppgåvene dannar grunnlaget for karakteren, ei tel 40 % og ei tel 60 %. Alle delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark