Reiseliv og samfunn 5400
54005400
10,00
Bachelor
To semester (haust og vår)
Ingen.
Emnet skal gi reiselivsfagleg basiskunnskap med hovudvekt på norske tilhøve.
3 timar i veka i haust- og vårsemesteret. Undervisninga vil variere mellom tradisjonelle førelesingar, seminarprega undervisning, øvingsoppgåver, studentpresentasjonar og obligatoriske skriftlege rapporteringar/innleveringar.
Emnet skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i og forståing av nasjonal og internasjonal turisme og reiselivsverksemd. Studentane skal bli kjende/fortrulege med dei sentrale omgrepa i reiselivsterminologien, og, etter kvart, vere i stand til å nytte desse til systematisering, analyse og diskusjon av reiselivstema i praksis. Vidare skal studentane ha oversyn over dei sentrale aktørane og deira plass og perspektiv i reiselivssystema. Studentane skal og kunne gjere greie for reiselivet sine verknader på ulike samfunnstilhøve, samt metodar og perspektiv for å greie ut og klargjere desse.
Mappeevaluering med følgjande element: a) skriftleg individuell undervegseksamen, 3 timar (30%), b) gruppeoppgåve (20 %) og avsluttande skriftleg individuell eksamen, 4 timar (50 %). Alle delprøver må vere bestått.
Copyright © Høgskolen i Telemark