Forkunnskaper
5609 Objektorientert programmering. Emnet må takast samstundes med (evt. etter) 5614 Biletanalyse.
Læringsmål
Studentane skal få grunnleggande kjennskap til teorien bak, og programmering av, dei teknikkane som vert nytta i praksis på emnet 5614 Biletanalyse, samt erfaring i utvikling av komplette analysesekvensar ved programmering på makronivå.
Organisering
3-4 timar forelesningar, øvingar og rettleiing pr veke i haustsemesteret.
Innhold
Det blir gjennomgått korleis dei vanlegaste teknikkane for bilethandsaming og biletanalyse kan implementerast, og korleis dei implementerte teknikkane kan kombinerast i delvis automatiserte analysesekvensar.
Vurderingsformer
Ei 1 times individuell, skriftleg undervegsprøve som tel 20 %. Individuell, skriftleg 3 timars sluttprøve tel 80 %. Det blir gitt obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til sluttprøve. Alle delprøver må vere bestått.
