Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Vegetasjonsøkologi 4206

4206
Fakta om dette emnet
Emnekode:
4206
Antall studiepoeng:
10,00

Forkunnskaper

Emnet byggjer på: 4005 Biologi og miljø, 4002 Naturgeografi

Læringsmål

Emnet skal gje studentane auka artskunnskap og kjennskap til hovudtrekka i vegetasjon og flora i landet. Ei viktig målsetting er at studentane skal få eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forvalte naturen, slik at ein skal kunne ta vare på artsmangfaldet. Det vert lagt vekt på å gi studentane grunnlag for å forstå samanhengar mellom planteutbreiing og miljøtilhøve, og korleis ein kan nytte planter og vegetasjon som indikator for ulike miljøforhold.

Organisering

25 t forelesingar i haustsemesteret
Obligatorisk: 15 timar laboratoriekurs i plantebestemming og 7 dagar feltkurs.

I tillegg til forelesingar blir det lagt vekt på undervisning i felt og lab med etterfølgjande rapportskriving og framlegging i grupper.

Innhold

Sentrale tema i emnet er:

  • Utvida kunnskap i floristikk og systematikk
  • Hovudtrekk i norsk plantegeografi, vegetasjonssoner og vegetasjonsseksjonar
  • Hovudtrekk i norsk vegetasjon
  • Autøkologi og plantefysiologi
  • Tilpassingar hos planter til ulike miljøtilhøve
  • Faktortal

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar i tre delprøver: Semesteroppgåve i gruppe tel 20%, artsprøve tel 30% og sluttprøve (4 timar) tel 50% av endeleg eksamenskarakter.
For å kunne gå opp til sluttprøva må laboratorie- og feltrapport vere godkjent. Alle delprøvene må vere bestått.