Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Viltøkologi og viltforvaltning 4208

4208
Fakta om dette emnet
Emnekode:
4208
Antall studiepoeng:
10,00

Forkunnskaper

Byggjer på 4005 Biologi og miljø

Læringsmål

Emnet skal gi eit kunnskapsgrunnlag for viltforvaltning i Noreg med særleg vekt på viltøkologi og viltstell, og dei viktigaste lovane innan viltforvaltning.

Organisering

50 timar forelesingar. Ei semesteroppgåve skal leverast individuelt for vurdering som del av eksamen.
Obligatorisk: 5 dagar feltkurs.

Semesteroppgåva, som vil innehalde fleire mindre oppgåver, skal utarbeidast individuelt, men det blir lagt opp til drøfting av ulike temaer i grupper.

Innhold

Sentrale tema er:

  • Oversyn over viltressursar og viltproduksjon.
  • Viltbiologi og økologi med habitatkrav, populasjonsdynamikk, bestandsregulering og tilhøve rovdyr/byttedyr. Dei viktigaste viltartane blir spesielt omtala med vekt på tilhøve som har noko å seie for forvaltninga. Dette gjeld både jaktbare og ikkje jaktbare artar.
  • Rovviltforvaltning. Oversyn over den offentlege og den private viltforvaltninga.
  • Lovverk, viltnemndene, jegerprøveordninga, organiseringa i grunneigarlag og jegerforeningar mv.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar på to delprøver: semesteroppgåva tel 30% og sluttprøva (4 timar) tel 70 % av endeleg eksamenskarakter. For å kunne gå opp til sluttprøva må rapport frå feltkurset og semesteroppgåva vere godkjente. Begge delprøvene må vere bestått.