Anvendt mikrobiologi 4307
43074307
10,00
Master
Byggjer på 4255 Mikrobiologi og 4256 Vannforsyning, avløp og avfall.
Studentane skal vere i stand til å planleggje og gjennomføre mikrobiologiske analysar. Dei skal kunne analysere på indikatorbakteriar og sjukdomsframkallande mikrobar. Studentane skal få ei forståing av smittevegane, patogenitet og miljøforhold som er viktig for mikroorganismar.
60 timar laboratoriearbeid, seminar og forelesingar.
Obligatorisk: all undervisning i emnet
Arbeid på laboratoriet står sentralt med sikte på å lære diagnostikk av dei viktigaste sjukdoms-framkallande bakteriane. Laboratorieprosedyrar og anna materiell blir utlevera. Ein vil og diagnostisere indikatorbakteriar frå vatn og matvarer. Det blir lagt mykje vekt på laboratorieanalysane. Studentane skal på denne bakgrunn kunne velje metodar for påvising av ulike mikroorganismar. Det blir og lagt vekt på at studentane skal kunne forstå og vurdere styrke og veikskap i dei metodane som blir nytta på laboratoriet. Det blir halde seminar og forelesingar om dei ulike mikrobane.
Det blir sett karakterar på to delprøver med mappevurdering: ein laboratorierapport og ein fleivalstest som tilsaman tel 50% og ei sluttprøve som tel 50% av endeleg sluttkarakter.
Begge delprøvene må vere bestått, og labrapporten og fleirvalstesten må være levert for å kunne gå opp til sluttprøva.
Copyright © Høgskolen i Telemark