Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Økotoksikologi 4308

4308
Fakta om dette emnet
Emnekode:
4308
Antall studiepoeng:
10,00
Nivå / grad:
Master

Forkunnskaper

Byggjer på 4005 Biologi og miljø, 4101 Generell Kjemi og 4103 Kjemi i levande organismar eller tilsvarande kunnskapar.

Læringsmål

Studentane skal få innsikt i samanhengen mellom kor og korleis miljøgiftene blir spreidde i naturen, og i uheldige konsekvensar for økosystem og levande organismer, inkludert menneske.

Organisering

70 timar i form av forelesningar, seminar og laboratoriekurs.
Obligatorisk: Seminar og laboratoriekurs. Frammøte første dagen og framføring av ei seminaroppgåve om eit økotoksikologisk tema.

Innhold

Ein går gjennom akkumulering, spreiing og nedbryting av framandstoff og naturlege giftstoff i naturen, og bruk av biomarkørar til påvising av giftstoff i miljøet. Genetisk og biokjemisk økotoksikologi blir gjennomgått, og ein kjem inn på sjukdomar og smitte på tvers av artsgrenser. Ein tar også for seg dei viktigaste miljøgiftene med tanke på slike som har mest å seie under våre tilhøve: Ulike metall, pesticid, radioaktive stoff, oljeforureining og forbrenningsprodukt, klorerte og bromerte organiske stoff, gifter frå alger og cyanobakteriar, forsuring- og eutrofieringsrelaterte giftstoff. Ein omtalar toksiske verknader på individnivå så vel som høgare organisasjonstrinn.
I temaoppgåva skal studentane dokumentere breid kunnskap om eit aktuelt tema innan økotoksikologi. På labkurset går ein gjennom metallanalyser i vatn og ulikt vevsmateriale med tanke på ulike økotoksikologiske problemstillingar. Ein går også gjennom analyser på enkelte organiske giftstoff og radioktive isotopar.

Vurderingsformer

Det blir gitt karakterar i tre delprøver: innlevert seminaroppgåve tel 20%, laboratorierapport tel 20% og skriftleg sluttprøve (4 timar) tel 60% av endeleg eksamenskarakter. Alle delprøver må vere bestått.