Mastergradsoppgåve 4317
43174317
60,00
Master
Kravet til forkunnskapar vil vairere etter kva for masteroppgåvetema studenten vel.
Gjennom masteroppgåva skal studenten få innsikt i vitskapleg prosjektopplegg og forskingsmetodikk, og få erfaring med å nytte slike metodar sjølvstendig i eit utvalt tema.
Masteroppgåva blir gjennomført individuelt eller ved at to studentar arbeider saman. Oppgåva er normalt på 60 studiepoeng. Studentane vel i utgangspunktet sjølv rettleiar for masteroppgåva i løpet av første semester. Eit oversyn over aktuelle oppgåvetema og tilhøyrande rettleiarar ved Institutt for natur-, helse- og miljøvernfag er å finne på instituttet sine heimesider på internett.
Masteroppgåva kan bestå av arbeid med ulike problemstillingar innan natur-, helse- og miljøvernområdet. Nærare oversyn over aktuelle tema kan ein finne på nettsida til Institutt for natur-, helse- og miljøvernfag på internett eller ved å ta kontakt med fagpersonar ved instituttet.
Etter at masteroppgåva er levert og vurdert, blir det halde munnleg sluttprøve knytt til oppgåva. Karakteren på masteroppgåva blir justert ved den munnlege prøva, og ein samla karakter blir ført på vitnemålet.
Masteroppgåva blir evaluert individuelt ved ekstern sensor saman med rettleiar(ar).
Copyright © Høgskolen i Telemark