Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

« Tilbake

Hovudoppgåve, kulturstudiar H2583

H2583
Fakta om dette emnet
Emnekode:
H2583
Antall studiepoeng:
45,00
Nivå / grad:
master
Emnets varighet:
Tre semester

Forkunnskaper

Opptakskravet til masterstudiet.

Læringsmål

Gjennom hovudoppgåva skal studenten få auka innsikt i kulturvitskaplege forskingsmetodar, og få erfaring med å nytte slike metodar sjølvstendig i eit konkret arbeid.

Organisering

Valretning kulturadministrasjon

Kvar student får normert rettleiing i arbeidet med hovudoppgåva. Det bli halde hovudoppgåveseminar med obligatorisk skriftleg og munnleg framlegging kvart semester. Etter val (eventuelt tildeling) av hovudoppgåvetema skal kvar student levere ei prosjektbeskriving innan 15. februar første studieår. Prosjektbeskriving og oppgåvetema skal godkjennast av dei fagansvarlege ved studiet før det blir gjort rettleiingsavtale med studenten. Sidan tematikken i hovudoppgåva skal vere av tverrfagleg karakter, vil det normalt vere to rettleiarar. Den ferdige hovudoppgåva skal leverast innan 10. mai andre studieåret. Dei neste fristane for innlevering er 1. september og 10. januar. Både prosjektbeskriving og hovudoppgåve skal leverast og registrerast i administrasjonen (avdelingskontoret).

 

Innhold

Hovudoppgåva skal ha ein tverrfagleg karakter. Dette kjem til uttrykk i val av tematikk eller emne som eignar seg for tverrfagleg studium, dvs som kan studerast frå minst to ulike faglege perspektiv. Ofte vil hovudoppgåva byggje på tema og problemstillingar frå innføringsemnet eller eitt av fordjupingsemna. Tema for hovudoppgåva på valretninga i kulturadministrasjon må vere relevant for kultursektoren.

 

Vurderingsformer

Vurdering skjer på grunnlag av innlevert oppgåve som kan bli justert etter ei obligatorisk munnleg prøving.