Norsk 2
Lærer og førskolelærer
Notodden
1 år
30
Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærerutdanning
Norsk 1
I Norsk 2 vektlegg vi emne som er særleg relevant for ungdomssteget, men studiet vil gi godt grunnlag for arbeid på ulike steg.
Viktige målsetjingar er å:
Fagplanen har to delar: Ein fellesdel av språklege og litterære emne med vekt på litteraturformidling og på lese- og skrivekompetanse, og ein individuell del som består av eit større sjølvalt fordjupingsarbeid.
Norsk 2 er lagt over eit studieår.
Undervisninga vil skifte mellom førelesingar, seminar og gruppeaktivitet, skriveverkstad og studentframlegging av stoff. Ein del av undervisningsaktiviteten vil vera nettbasert.
Du får skolepraksis etter eigen praksisplan; rettleiinga i praksisperiodane har som før øvingslæraren hovudansvaret for.
Heile studiet er kvantifisert til 30 studiepoeng. Med godkjend prosjektoppgåve har du oppnådd 15 studiepoeng under føresetnad av godkjent refleksjonstekst, og godkjend eksamen gjev deg 15 nye studiepoeng.
Fellesdel
Fellesdelen skal i omfang utgjere om lag halvparten av den totale arbeidsmengda. Denne delen er ei teoretisk og didaktisk utdjuping av studiet frå Norsk 1. Norsk 2 er først og fremst eit tekststudium der vi har ei meir historisk tilnærming til stoffet enn på Norsk 1, samstundes som vi legg vekt på formidlingsaspektet og på korleis ein kan undervise om lesing og skriving. Studentane legg opp 14 litterære verk og om lag 1500 sider teori.
Faghistorie og tradisjonar i norskfaget
Emne
Eit utval tekster som illustrerer tradisjonar og utvikling i faget som skolefag og forskingsfag.
Språkleg utvikling og variasjon
Sentralt teoristoff frå Norsk 1 blir ført vidare og utdjupa, og nytt stoff blir presentert.
Emne:
Litteratur og litteraturformidling
Kurset legg vekt på både å utdjupe sjølve tekstlesinga med eit grundigare studium av sentrale verk og å gå nærare inn på litteraturpedagogiske spørsmål. Teoridelen skal gi grunnlag for å bli ein meir reflektert lesar og ein god formidlar av litteratur.
Emne:
Tekstane vil i noen grad vere tatt frå leseverk for grunnskolen. Litteraturutvalet i Norsk 1 og 2 skal til saman dekkje perioden frå norrøn tid til i dag, og tekstomfanget i Norsk 2 er 14 verk.
Utvikling av lese- og skrivekompetanse
Emne:
Individuell del
Den individuelle delen består av ei sjølvvalt prosjektoppgåve. . Prosjektoppgåva skal ha eit spesifikt norskfagleg og/eller fagdidaktisk emne.
Arbeidet med prosjektoppgåva skal utgjere om lag halvparten av samla arbeidmengd.
Du vil møte to former for vurdering i norskstudiet - ei undervegsvurdering og ei sluttvurdering. Undervegsvurderinga kjem til uttrykk i form av ei tilbakemelding på ein refleksjonstekst. Sluttvurderinga kjem til uttrykk i form av ein endeleg karakter gitt på prosjektoppgåva og sluttprøva
Refleksjonstekst. På slutten av første semester skal du levere inn ein refleksjonstekst knytt til den prosjektoppgåva du skal skrive. Refleksjonsteksten blir vurdert til bestått/ikkje bestått. Nærmare retningslinjer for teksten står i semesterplanen.
Prosjektoppgåve. Innan 1. mai skal du levere ei individuell prosjektoppgåve på om lag 20 sider med lineavstand 1,5 og skriftstorleik 12. I tillegg til den språklege utforminga legg vurderinga av denne vekt på klart formulert problemstilling og truverdig stoffbehandling. Du får rettleiing undervegs. Du må minst møte rettleiaren tre gonger, og du skal i desse møta kunne dokumentere progresjon i skriveprosessen i form av loggskriving. Prosjektoppgåva tel 40 % av sluttkarakter
Skriftleg sluttprøve. Målet med denne prøva er å måle dei norskfaglege kunnskapane og ferdigheitene dine som du har tileigna deg i studiet. Prøva vil bli organisert som ein vanleg eksamensdag på seks timar. Denne prøva tel 60% av sluttkarakteren.
Krav til målform i dei skriftlege arbeida. Prosjektoppgåva og refleksjonsteksten må vera på den målforma du ikkje nyttar på sluttprøva.
Du får ein gradert karakter på vitnemålet, gradert frå A til F der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter. Kvart delemne må ha bestått karakter for at hovudemnet skal vere bestått.
Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark.
| Tittel | Forfatter | Forlag | Utgave | Utgitt år | ISBN | Kapittel / Sider | Kommentar | Type | Obligatorisk |
| Norsk II |
Se Litteraturliste. |
Bok | Ja |
Det tas forbehold om mindre justeringer i planen.
Copyright © Høgskolen i Telemark