Logg inn på HiT's nettsted (Classfronter og Arena har egen innlogging
Les e-post Arena høgskole Classfronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap

Studieomtaler 2006/2007 / Emner / EFL / ILF / Norsk 15FPNO
« Tilbake

Norsk 15FPNO

15FPNO
Fakta om dette emnet
Emnekode:
15FPNO
Antall studiepoeng:
15,00

Læringsmål

Som student må du gjennom teori om språk, tekst og kultur tileigne deg kunnskap om og innsikt i:

-     korleis faget formidlar kulturen og kulturarven

-     barns eigen kultur

-     tekstforståing, med fokus på eit utvida tekstomgrep, der tekst kan vere sett saman av skrift, lyd og bilete i eit samla uttrykk

-     ulike typar skjønnlitteratur og medietekstar for barn og om barn, og kunne vurdere kvalitet i slike tekstar

-     språkutviklinga til barn og korleis dei utviklar språket sitt i sosialt samspel med vaksne og andre barn

-     forholdet mellom talespråk og skriftspråk slik at du kan hjelpe til med å gi barn eit godt grunnlag for lese- og skriveopplæringa
i skulen

-    korleis du kan medverke til å skape eit godt skriftspråksstimulerande miljø i barnehagen

-    korleis ein legg opp ei god skrive- og leseopplæring både teoretisk og metodisk

-     fleirspråklegheit, slik at du kan legge forholda til rette for ei god utvikling hos barn med ein annan språk- og kulturbakgrunn

 

Gjennom det praktiske arbeidet med norskfaget i studiet og i praksisbarnehagen skal du som student få erfaring med:

·     korleis ein kan formidle tekstar på ein god måte

·     korleis du kan vere med å skape eit mangfaldig språkmiljø i barnehagen, mellom anna leggje til rette for at barn sjølve kan vere aktive både språkleg og kulturelt

·     å vere ein god forteljar og ein god lyttar i samarbeid med barn og vaksne

·     korleis du sjølv kan bli ein god språkbrukar, både når det gjeld munnleg formidling og i skriftleg framstilling i begge målformer

·     refleksjon og drøftingar om den rolla barnehagen har som kulturformidlar i samfunnet

 

 

I norskstudiet er innhaldet samla under tre hovudoverskrifter:

tekststudium, teoristudium og praktisk språkbruk.

 

Dei tre hovudemna heng nøye saman. Ein må ha det teoretiske grunnlaget for å kunne behandle tekstar på ein reflektert måte. Ferdigheiter og innsikt i praktisk språkbruk kjem som ei naturleg vidareføring av dei to første emna. I studiet som heilskap vil likevel tekst- og teoridelane framstå som dei viktigaste bolkane.

 

Tekststudium

I omgrepet "tekst" ligg det alle språklege ytringar, frå ein skjønnlitterær tekst til ei munnleg framføring, frå ein daglegdags samtale til bruk av bilete i moderne massemedia. Likevel vil studiet av litterære tekstar framstå som sentralt i denne delen av studiet. I tekstutvalet vil ulike teksttypar vere representerte:

 

·      Eldre og nyare barnelitteratur

·      Eit utval biletbøker for barn

·      Eit utval vaksenlitteratur om barn og ungdom

·      Eit utval sakprosatekstar for barn

·      Studium av tekstar frå den lokale, nasjonale og internasjonale tradisjonslitteraturen, barnetradisjonsstoff inkludert.

·      Studium av tekstar retta inn mot dei minste barna i barnehagen

·      Studium av massemedium retta inn mot barn

·      Studium av skjermtekstar for barn

 

Teoristudium

Teoristudiet er ikkje eit mål i seg sjølv, men det skal gje kunnskapar og analysereiskapar som skal vere til hjelp i det daglege arbeidet med språk og tekstar. Delemne i teoristudiet er:

 

·      talemålsutvikling i førskulealder

·      skriftspråksstimulering og førebuande lese- og skriveopplæring

·      den fyrste lese- og skriveopplæringa

·      språk, leik og fantasi

·      litteraturteori, spesielt retta mot barnelitteratur

·      språk og tekstar som kulturytringar, også barnekulturelle

·      norsk som andrespråk

·      fortelling og formidling

 

Praktisk språkbruk

Ein førskulelærar må tileigne seg kommunikativ kompetanse. Kontakt med barn, foreldre, medarbeidarar og ulike styringsinstansar vil vere viktig i det daglege arbeidet. Studentane skal gjennom studiet øve opp:

 

·      god skriftleg og munnleg bruk av språket i kommunikasjon innanfor og utanfor barnehage og skule

·      praktisk bruk av begge dei offisielle norske språkformene i skriftleg kommunikasjon

·      praktisk bruk av IKT

Organisering

Det er viktig at du får utvikle gode arbeidsmåtar i studiet og samtidig får eit reflektert forhold til den pedagogiske prosessen du sjølv er ein del av.  Organiseringa av undervisninga kan til dels avgjerast i samarbeid mellom lærar og studentar. Dei arbeidsformene du vil møte i norskfaget er:

 

-         Individuelle oppgåver, både munnlege og skriftlege

-         Gruppeoppgåver

-         Førelesingar

-         Klassesamtalar

-         Sjølvstudium

-         Tverrfagleg arbeid og prosjektarbeid inngår i studiet

-         Ein del av norskfaget går inn i praksis. Faglærar har ansvar for den fagdidaktiske rettleiinga.

-         Nokre av oppgåvene vil rette seg inn mot samarbeidet med praksisbarnehagane.

 

Det vil gå fram av semesterplanane kva for delar av arbeidet som er obligatoriske for studentane.

Innhold

I norskfaget i førskulelærarutdanninga står arbeidet med språk og tekst i sentrum. Språket og utviklinga av dette gir førskulebarnet grunnlag for evne til kommunikasjon, kunnskapstileigning og refleksjon. Språket er og viktig for oppleving av eigen identitet og for kjensla av å høyre til i eit kulturfellesskap.

 

Tekstdelen i studiet kastar lys over den rolla du har som profesjonell tekstformidlar – alt frå det å lese skjønnlitteratur for barn til det å gje praktiske meldingar til foreldre. Samstundes vil tekststudiet gje deg innsikt i barns tankeverd og førestillingar.

 

I vårt informasjonssamfunn blir barn påverka av ulike medium, og førskulelærarar må kjenne til kva dette har å seie for barns kultur og språk.

 

Som førskulelærar vil du kome i kontakt med barn med eit anna morsmål enn norsk. Emne knytt til fleirspråklegheit vil vere sentrale i studiet.

 

Gjennom studiet skal du arbeide med faget på ein måte som gjer deg skikka til arbeid med barn i barnehage og 1. klasse i grunnskulen.

Vurderingsformer

Du vil møte vurdering både undervegs og til slutt i studiet. Vurderinga gjeld både munnleg framføring, prøving av basiskunnskapar i faget og ulike skriftlege arbeid.

Undervegsvurdering:

I løpet av året skal alle studentar halde minst ei individuell munnleg framføring, som vil bli vurdert til godkjent/ikkje godkjent.

Det blir arrangert ein obligatorisk skrivedag i løpet av studiet.

Gjennom studieåret skal alle studentar skrive minst to tekstar, som vil bli vurderte til godkjent/ikkje godkjent.
 

Sluttvurdering:

Sluttvurderinga i 2. semester omfattar ei munnleg prøve og ei individuell, skriftleg prøve, som begge skal omfatte dei sentrale kunnskapsmåla i faget.
 
I den endelege karakteren vil den munnlege prøva telje 60% og den skriftlege 40%. Karakterane er graderte frå A til F, der A er beste og E er dårlegaste ståkarakter.

Sjå elles føreskrifter om eksamen ved Høgskolen i Telemark.

 

Pensum

Se: Pensumlister