« Tilbake
Driftsrekneskap og budsjettering 5003
5003
Nivå / grad:
Bachelor
Emnets varighet:
Eitt semester
Forkunnskaper
5010 Bedriftsøkonomisk analyse og rekneskap.
Læringsmål
Emnet skal gi grunnlag for skaffe og bruke interne styringsdata til å leie eit føretak samt å gi oversikt over og innsikt i ulike driftsrekneskapsmodellar. Det er viktig å drøfte vurderingsproblem knytt til desse modellane. Det er likeeins viktig å øve opp forståing for samanhengen mellom driftsrekneskap og ulike budsjett, samt kva for data frå driftsrekneskapen som er relevante og irrelevante i avgjerdssituasjonar. Emneområdet skal være generelt og kunne brukast for alle bransjar.
Organisering
3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.
Innhold
Faglege element som dekkast:
- Inntekts- og kostnadskontroll
- Modellar for driftsrekneskapet og bruk av normal- og standardkost
- Avgjerdsrelevante kostnader og inntekter
- Kostnadsfordeling
- Aktivitetsbasert kalkulasjon
- Berekning av relevante kostnader for rett prissetting, produktval, kjøpe/produsere sjølv, aksept av tilleggsordre, nedlegging mv
- Budsjettering
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Pensum
Se: Pensumlister