IT-leiing 5613
56135613
10,00
Bachelor
Eitt semester
Eit års høgare utdanning innan informatikk.
Emnet skal gi kompetanse i korleis informasjonsteknologi (IT) kan bidra til auka effektivitet og verdiskaping i organisasjonar. Målet med emnet er å gi ei innføring i planlegging, organisering og leiing av IT-aktivitetar.
3-4 timar forelesing i veka i vårsemesteret.
IT nytta strategisk i organisasjonar ved utvikling og iverksetting av IT-strategiar og IT-planar. Administrasjon, planlegging, oppgradering og utskifting av ulike IT-system. Leiing av utvikling- og omstillingsprosessar. Effektivt samspel mellom teknologi, menneske og organisasjon, systemutvikling og organisasjonsutvikling. IT og juridiske aspekt, avtaler, etikk og normer på området. Informasjonsleiing og ulike informasjonssystem si rolle i informasjonsbehandlinga til organisasjonar. Informasjonsressursforvaltning, kvalitetsikring og personvern.
Undervegsevaluering i form av obligatoriske oppgåver som skal vere godkjende før ein kan gå opp til individuell, skriftleg 4 timars sluttprøve.
Copyright © Høgskolen i Telemark