Arealforvaltning og kommunal planlegging 4102
41024102
10,00
Forkunnskaper
Ingen
Læringsmål
Målet er at den enkelte student skal bli meir bevisst og få auka forståing for korleis våre fysiske omgjevnader blir forvalta i Noreg. Arealplanleggjingsaker har stor plass i media og i forvaltninga, og det er eit mål at studentane skal få auka interesse og kunnskap for å delta og engasjere seg i slike saker. Etter endt kurs skal studentane kjenne til korleis offentleg forvaltning er bygd opp generelt og korleis fysisk planlegging føregår i kommunane.
Organisering
40 timar forelesingar.
Obligatorisk: Prosjektoppgåve, GIS-øvingar 20 timar og ein dagsekskursjon.
Forelesningar, prosjektarbeid, ekskursjon og laboratorieøvingar. Det blir vist korleis ulike fagfelt bidrar i areal- og ressursforvaltning, og korleis den enkelte sin fagbakgrunn bidrar i planleggjinga av våre omgjevnader. Gjennom prosjektoppgåva arbeidar studenten sjølvstendig eller i gruppe med ein aktuell arealplanleggingssak.
Innhold
Sentrale tema:
- Fysisk planlegging og lovgrunnlaget for dette.
- Historie og teori om samfunns- og arealplanleggjing, metodar i planleggjing, begrep og aktuelle problemstillingar.
- Praktiske og formelle sider ved kommunal planleggjing og forvaltning med serleg vekt på arealplanleggjing i medhald av plan- og bygningslova, forureiningslova og naturvernlova.
- Konkrete arealplanleggjingssaker med innføring i plantypar og planprosessen etter plan- og bygningslova.
- Laboratorieøvingar i bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) med eksempler på korleis dette kan nyttast i arealplanleggjinga.
Vurderingsformer
Det blir gitt karakter på to delprøver: ei prosjektoppgåve tel 40 % og ei skriftleg sluttprøve tel 60 % (4 timar) av endeleg eksamenskarakter. Begge delprøvene må vere bestått. For å kunne gå opp til sluttprøva må deltaking ved dei obligatoriske delane vere godkjente.
