Kulturpolitikk 213
213213
15,00
Bachelor
To semester
Studenten skal orientere seg i kulturstudiet som heilskap, arbeidsmetodar og studieteknikk.
Studenten skal tileigne seg eit oversyn over det kulturpolitiske feltet og framveksten av den moderne kulturpolitikken, samt oversyn over dei fremste internasjonale aktørane på kulturfeltet. Studenten skal vise eigen evne til refleksjon og kunne analysere korleis samfunnspolitikken påverkar ressursfordeling i kulturlivet.
Forelesingar, fagturar, skriftlege og munnlege øvingar knytt til forelesingane.
Det vil vere ei obligatorisk innføringsveke med fagtur i regionen.
I emnet er det lagt inn ei vekes praksis på kulturkontor, kommunalt eller fylkeskommunalt med rapport.
Kurset skal gje ein oversikt over det kulturpolitiske feltet, med vekt på aktuell kulturpolitikk. Gjennom brei presentasjon av kunstfeltet, friviljuge organisasjonar og kulturindustrien, skal ein drøfte aktuelle kulturpolitiske problemstillingar, visjonar og ideologiane bak. Sentrale tema er:
Kulturomgrep, kulturpolitiske ideologiar og målsettingar
Framveksten av ein offentleg kulturpolitikk
Fritid, kulturforbruk, delkulturar
Offentlege kulturorgan, interesseorganisasjonar og kulturpolitiske verkemiddel
Kunsten i samfunnet : institusjonar, profesjonar, publikum og formidling
Dei friviljuge organisasjonane i kulturlivet
Kulturøkonomiske emne
Norsk kulturdebatt
Internasjonal kulturpolitikk (UNESCO, Europarådet)
Ei obligatorisk skriftleg oppgåve som tel 30 % av samla karakter. Skriftleg individuell 5-timars eksamen som tel 70 %. Graderte karakterar. Både oppgåve og slutteksamen må vere bestått for å få bestått karakter i emnet.
Copyright © Høgskolen i Telemark