« Tilbake
Digital kultur, digitalt samfunn 2720
Antall studiepoeng:
10,00
Nivå / grad:
Lavere grad
Pensum:
Se pensumliste
Forkunnskaper
Som for studiet.
Læringsmål
Kurset skal gi innblikk i samfunnsmessige og faglege konsekvensar av 'informasjonsrevolusjonen', både med omsyn til kva som er mogleg å gjere og kva som set grensene, og kurset skal utvikle ei kritisk haldning til bruken av informasjonsteknologi.
Innhold
-
Generell del (5 studiepoeng)
Politiske konsekvensar. Verkar internett demokratiserande? Korleis endrar samfunnsdebatten seg? Konsekvensar for kultur, kjønnsroller, kreativitet, kommunikasjon og språkutvikling m.v. Smeltar media saman, og kva tyder i så fall det? Konsekvensar for forsking og utdanning. Blir måtane å oppfatte og skrive tekstar på endra? Vil tradisjonelle lærestader bli borte? Er internett eit hinder for fagleg fordjuping?
-
Etiske problemstillingar (5 studiepoeng)
Moralfilosofi og informatikk. Opphavsrett, sitat- og kildebruk. Kva skjer med personvernet? Teknologi og verdisyn. Kor sårbart er sammfunnet? Kven - om nokon - styrer/eig/kontrollerer nettet?
Organisering
2-4 timar forelesingar/seminar pr. veke i vårsemesteret.
Vurderingsformer
Del 1 blir avslutta med midsemesterprøve, Del 2 med slutteksamen.
Både midtsemesterprøve og sluttprøve må vere bestått for å få bestått i emnet.
Pensum
Se pensumliste